Ei lita elv gjekk over sine breidder og skapte nytt løp, som tok med seg store mengder jord, småbusker og tre. Vatnet gjekk over E39 som var stengd ein periode i natt og morgontimane.

Magne Nesheim, eigar av Nesjartun Camping seier at det var verst i femtida måndag morgon.

–Var det på noko tidspunkt  aktuelt å evakuere campinggjestane?

–Nei det var det ikkje den øvre delen av campingplassen var ikkje truga på noko tidspunkt. Det var den nedre delen mot riksveg 15 som var mest utsett, seier Magne som tidlegare har opplevd jordras på Nesjartun Camping.

Straumlause

Torevêret slo også ut ein trafostasjon like aust for Nesjartun Camping. Folk frå Sogn og Fjordane Energi var på plass i åttetida måndag morgon for å skifte ut den øydelagde trafostasjonen.

Etter at ei lita elva gjekk over breddane sine og fann nytt løp, fløymde vatnet nedetter E39. Vegen var stengd ein periode i natt og morgontimane. Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø
Mannskap frå Sogn og Fjordane Energi på veg for å skifte ut ein trafo som lynet slå ned i. Foto: Tormod Flatebø
Slik såg det ut etter at E39 vart stengd
Denne trafoen måtte skiftast ut etter at lynet slo ned. Foto: Tormod Flatebø
På nedsida av vegen er det brygge og båtar. Dei hadde ikkje fått synlege skadar. Foto: Tormod Flatebø
Elva tok fleire ny løp då den gjekk over breddane natt til måndag. Foto: Tormod Flatebø
Her har elva tatt vegen. Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø