Dette fortel vakthavande i SFE, Frode Reksten.

–  Vi har fått inn mange meldingar om feil i straumnettet. Då vi har litt lite folk akkurat no på grunn av ferieavvikling, vil det ta litt tid før alle feila er retta. Vi håpar og trur at alle husstandane vil få att straumen i løpet av dagen, seier Reksten.

Han fortel at det er feil i ein transformator på Nes, og at éin eller to bustadar på Skaugset er utan straum. Dei andre feila er i sentrum.

– Det er i Prestemarka at flest er råka av straumbrot. Her kan det vere opp mot 50 kundar som no er utan straum. Derfor vil det ha høg prioritet å få retta dette så fort som råd, fortel Reksten.

Elles er det feilmeldingar på Os, Skårhaug og Myklebuståsen.