Malakoff Rockfestival 2017 vart avslutta med kjempekonsertar av Karpe Diem, Converge, Refused laurdag kveld. Søndag var det tid for dei aller fleste å kome seg heim. I den forbindelse hadde politiet promillekontroll fleire stader i sentrum og langs E39. Bilførarane vart sjølvsagt kontrollerte. Det Politiet ikkje hadde rekna med, var at mange av dei som skulle legge ut på landevegen ønskte å få blåse i politiet sin alkotest, før dei sette seg i bilen og reiste heim. Sjølv om det ikkje var planlagt frå politiet si side, stilte dei sporty opp.

Medan Fjordabladet var på plass i Lotevegen var det ingen som blåste positiv på alkotesten.

Ikkje fullt så heldig var ein mann i 20-åra, som ved middagstider laurdag vart stoppa i promillekontroll på Eid. Utslaget var positivt og sak er oppretta, melder politiet.

Bilførar både inn og ut av sentrum måtte gjennom politiet sin promillekontroll. Foto: Tormod Flatebø
Bilførar både inn og ut av sentrum måtte gjennom politiet sin promillekontroll. Foto: Tormod Flatebø