Fjordabladet var på eit lite besøk på festivalområdet like før klokka tolv søndag føremiddag. Då var allereie arbeidet med å rigge ned bartelt, kjøkken og scener i full gang. I løpet av søndagen er området nedrigga og rydda, og tilbake til det vanlege. Her er nokre bilete frå arbeidet med nedrigging og opprydding.

Barområdet. Foto: Tormod Flatebø
Nytt av året var dette avslappingsområdet. Foto: Tormod Flatebø
Nedrigginga va den store scena er det Eid Bondelag som tek seg av.
Malakoff-scena er tom. Trist men det er slutt for denne gong.
Utgangen er klar. Malakoff Rockfestival er over for denne gong. Foto: Tormod Flatebø
Her var det 12.000 mennekse under Vilde og Anna sitt show laurdag, no er berre leidingsrulane som vart brukt til bord att. Foto: Tormod Flatebø