Namn: Regine Nesheim. Alder:  19 år. Bustad:  I skuleåret bur eg i Sogndal, elles heime på Nes. Sivilstatus: Sambuar med Oddgeir Skeistrand. Husdyr: Ikkje akkurat no. Aktuell med: Verdsmeister i Junior-VM i 60 skot liggande for lag. Skal delta i EM i Tyskland i slutten av juli. Elles er eg student i Eigedomsmekling.

Kva planar har du i sommar?

– Det blir mykje skyting. No har eg vore i VM i Tyskland, og skal til EM i Baku i Aserbadjan, og like etter det blir det landsskyttarstemne i Førde. Og så vil eg bruke resten av dagane til å vere saman med familie, og vener og jobbe litt på Nesjartun Camping.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Eg har veldig mange minner frå campingplassen. Her har eg vakse opp og hatt alle mine somrar. Eg har vore mange ein gong i Hornindalsvatnet nedanfor campingplassen og plaska rundt. Eg pleidde å vente på at Victoria skulle komme til campingplassen kvar sommar, og så leika vi i lag. Og så har eg mange gode minner frå landsskyttarstemna eg har vore på sidan 2008.

Favorittmat om sommaren?

– Grillmat utan tvil, og så hamburgarane som vi lagar her på campingplassen. Eg trur dei er verdas beste gatekjøkkenburgarar. Mamma seier det er pressgrillen vår som gjer den ekstra gode smaken.

Kva er du flink til? Og dårleg til?

– Eg kunne ønske eg var meir kreativ. Elles er eg visst flink til å vere tante, ifølge mine tanteungar. Eg trur og eg er flink til å halde system i ting, og så håpar eg at eg er flink til å ta vare på dei rundt meg. Eg er ikkje flink til å seie nei.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Open, omsorgsfull og ansvarleg.

Noko du engasjerer deg for?

– Eg håpar vi kan få til ei felles innandørs skytebane her på Eid. I dag er vi spreidd rundt i ein hønsefjøs her og ein garasje der i bygdene. Det hadde vore fint å samla laga litt. Vi har eit godt forhold imellom skyttarlaga og det hadde vore kjekt og samlast. Ein 15 meterbane er det som trengst til DFS, kanskje aller helst ein kombibane opp til 50 meter, som er det eg skyt.

Kven eller kva ville du teke med deg til ei aude øy?

– Heile vennegjengen og Oddgeir, då hadde det i alle fall blitt god stemning, og ein slepp å kjede seg.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Eg ville spart litt til hus, og sett av litt til framtidige ting. Eg hadde reist på ferietur og kost meg litt ekstra. Hadde eg vunne mykje pengar, så hadde eg nok bygd den skytebana.

Kven vil du gje ein blome eller merksemd til?

– Pappa! Han har hjelpt meg sopass mykje og verkeleg stått på for at eg skal lykkast. Han har lagt ned mykje arbeid for det og stiller opp uansett kva det skal vere. Mamma også. Ho er den som får det heile til å gå rundt, og må ofte vere att når vi reiser på tur for å passe på campingplassen. Dei er viktige støttespelarar.

Kva synest du om at det blei Stad kommune?

– Stad? Nei, eg veit ikkje heilt. Eg føler ikkje eg kjem frå Stad. Det verkar litt rart. Eg kjem alltid til å føle meg som ein eidar. Og trur alltid at eg kjem til å sei at eg kjem frå Eid. Når folk spør meg kvar eg kjem ifrå, svarar eg alltid Nordfjordeid. Og merkeleg nok veit dei fleste kvar det er.

Kva synest du om at Nordfjordeid skal bli cruisedestinasjon?

– Spennande. Då får vi vist fram kva vi har å by på. Det er jo veldig fint her, og eg trur nok at det går å tene pengar på det. Men eg har ikkje tenkt så mykje på det.

Kva gjer Nordfjordeid spesielt for deg?

– Eg er veldig heimekjær. Eg synest det er ein akkurat passe stor plass. Vi har alt vi treng her. Eg flytta heimanfrå då eg var 15 år, og har alltid gleda meg til å komme heim til Eid. Eg har lyst til å busette meg her når eg vert stor. Det er ein veldig fin plass å vekse opp på.

Kvifor valde du å studere til nettopp eigedomsmeklar?

– Eg var veldig usikker på kva eg ville velje. Rammene rundt passa veldig fint. Og studiet har mykje av det eg interesserer meg for. Det er marknadsføring, interiør, styling og fotografering. Samt er det kontorarbeid, og det å halde orden i papira. Ein får møte folk, og komme seg ut og yte service og det appelerar til meg.

Beste sommarlåta for deg?

– Det er nok ein av dei gamle klassikarane med garantert allsang; Idyll med Postgirobygget.

Foto: Anita Ingebrigtsen