– Eg har kjøpt inn til 1800 burgarar, og eg vert ikkje lei meg om det blir utseld, for å seie det slik, seier Espen Heia.

Han og kollegaen er i full gang med å rigge til grill og utsalsplass i vaskehallen.

– Vi splittar opp, slik at vi fordelar kundane best muleg. Inne blir det for liten plass, og viss ikkje vi hadde hatt ope her i vaskehallen hadde det blitt ein flaskehals inne. Vi prøvar å betene så mange som muleg så fort som muleg

– Malakoff er eit godt høve der alle tilsette får jobbe saman, og det er veldig kjekt å få vere del av. Alle får køyrt seg godt denne helga. I år er det tredje året på rad at vi har grilling i vaskehallen, og det er jo ein litt morosam gimmick også, seier han.

Under Malakoff rockfestival toppar Circle K på Eid landslista for omsetting i kjeda.

– Vi femdoblar omsettinga denne helga i forhold til ei vanleg helg. I fjor hadde vi ei rekordomsetting på over 540.000 kroner dei tre dagane, med søndagen. Det er heilt ekstremt, fortel han. Ei vanleg helg omsetter vi for mellom 60.000 og 100.000 kroner. Malakoff er desidert viktigaste helga i heile året, utan samanlikning, fortel Heia.