1.200 frivillige stiller opp for festivalen. Det utgjer 20 prosent av innbyggjarane i Eid kommune. Mange frå same familie jobbar dugnad, og fleire brukar ein eller to veker av ferien sin til å jobbe frivillig.

– Men eg saknar at 30-åringane kan stille opp som frivillig for festivalen. Kvifor er det så vanskeleg? Dei burde få eit spark bak og stille opp til liks med andre, meiner Kari.

Totalt utsliten

Ho har sjølv jobba som frivillig for Malakoff i 15 år, dei fire siste åra som barsjef.

– Når ein festival nettopp er ferdig er eg totalt utsliten, og bestemmer meg for at dette gjer eg ikkje igjen. Men så går det nokre veker, og eg kjenner at eg berre må vere med neste år også, smiler ho. Med som frivillig har ho mellom anna to systrer og kusiner, og ein haug med andre kjentfolk.

– Det er utruleg kjekt å jobbe som frivillig. Ein møter så mykje kjekke folk, og det veg opp for at det er travelt. I løpet av desse åra har eg fått mange nye vennar gjennom det å jobbe som frivillig, fortel ho.

Ferietid

– Det er berre å stille opp. Men herregud, kva tid skal eg gi meg? spør ho, og er ikkje i tvil om at Malakoff er årets happening på Nordfjordeid.

– 14 dagar ferie går med til Malakoff, og når festivalen er ferdig er ein så gåen at ein treng nokre dagar på å kome seg, seier Kari. Barsjefen fullrosar festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal og administrasjonssjef Gunn Guddal.

– Dei er så fantastiske og unike folk, og ein gløymer kanskje å seie det til dei. All respekt for dei og alt dei legg ned av arbeid for festivalen, seier ho.

Viktig

Ho påpeikar kor viktig dei frivillige er for Malakoff.

– Har vi ikkje frivillige så har vi heller ikkje Malakoff. Å vere frivillig er for folk i alle aldrar, fortel ho. I år ventar ho fleire folk i skjenkeområdet, fordi det ikkje er partytelt på campen.

– Det er bra å få dei innanfor dette området. Men det er eit stort ansvar å vere barsjef, og passe på at det ikkje blir servert alkohol til altfor rusa personar. Vi skal sette ei grense, og den er viktig, seier ho som både er skjenkeansvarleg og har skjenkeløyve for Malakoff.

Kari oppmodar folk å opne hus og hagar for tilreisande festivalfolk.

– Det er ingenting å vere redde for. Då det pissregna eit år kom eg over tre jenter som låg i ein neddogga bil, og eg inviterte dei heim. Dei låg på loftsstova heile festivalhelga. Og då festivalen var over kom dei med ein buksett roser som takk. Det er så mange kjekke ungdommar som kjem på festival, seier ho.

Stort ansvar: Kari Myklebust Hjelmeland er barsjef for festivalen, og føler på det store ansvaret det er. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes