– Det er masse førebuingar som må til før festivalen. Alt som skal kjøpast inn av varer, og så brukar vi pappbestikk og glas som vi berre kan kaste etterpå. Vi har ikkje høve til å rekke å vaske opp innimellom. Viss det er fint ver er det spesielt hektisk, for då bestiller mange pizza og tar med seg ut og kosar seg i parkar og benkar rundt om. Vi har også ein tilpassa festivalmeny med dei mest populære pizzavariantane, hamburgar og kebabtallerken eller kebabrull, fortel dagleg leiar Ugur Celep.

Eige system under Malakoff

Dei to første åra dei var på Eid, var dei ikkje førebudde på kor stort Malakoff var.

– Dei to første åra sleit vi litt med å henge med før vi fekk tilpassa oss. No har vi eit eige system som må fungere. Vi må vere presise og kjappe, og alle må vite kva dei skal gjere, og desse oppgåvene vik ein ikkje vekk ifrå. Det er ikkje lov til å gjere feil. Vi har to som konstant bakar pizza, ein som grillar, ein i kassa, og ein eller to ute i service med å rydde og servere. Alle står på og yter sitt aller beste desse tre dagane, fortel Celep.

Han får hjelp av ein kamerat som stepper inn sidan broren er på ferie.

– Sjølv har eg aldri vore på Malakoff, fordi det er så mykje jobb her i restauranten. Men kanskje eg får tid til å stikke bort i 10–15 minutt for å få med meg litt av stemninga, men så må eg tilbake igjen.

Artistmat

Også artistane får mat frå Dolce Vita. Dei bestiller gjerne pizza og synest maten er veldig god.

– Vi har levert til Turboneger, Timbuktu, Karpe Diem og mange fleire. Det er veldig kjekt at dei har lyst til å ete pizzaen vår, seier han.

Betyr mykje for alle

At Malakoff er viktig for dei er det ingen tvil om, men dei legg ikkje skjul på at heile Eid tener på at det kjem så mange festivalgjester til vesle Nordfjordeid denne helga ein gong i året.

– Vi er veldig heldige som har Malakoff. Den skapar store ringverknader for heile Eid og omland, noko alle tener på. Det er godt at det skjer noko, og det skapar utvikling i bygda. Det er heftige, men kjekke dagar. Vi står på alt vi kan desse tre dagane, og så kan vi heller slappe litt av etterpå, seier ein glad dagleg leiar i Dolce Vita.