Aldri før har så mange sett talentkonserten NRK SommarLutt frå Malaloff si Jyplingscene. Godt over 1000 personar var på plass framfor scena midt i sentrum av Nordfjordeid.

–Vi er stolte av å få lov til å vise fram så mange unge dyktige talent. Ungdom som viser at dei har ambisjonar, vilje og talent. Kvaliteten på konserten viste at vi har mykje å glede oss til framover, seier Stian Sjursen Takle, ansvarleg for NRK sin del av konserten.

Bandet som vann konkurransen var og dei yngste på scena. Prisen er eit stipend på 15.000 kroner frå Sparebanken Vest som vart delt ut av MGP-juniorvinnarane Vilde og Anna.

Det aller kjekkaste

–Stian, du har jobba med SommarLutt i mange år. Korleis vurderer du kvaliteten på det som vart vist her i dag, og det som har blitt presentert tidlegare år?

–Først vil eg seie at å jobbe med musikarar og SommarLutt er noko av det kjekkaste eg har jobba med. Dei musikarane som vi slepp til på scena under SommarLutt er ungdom som vil opp og fram. I høve til tidlegare år har vi stramma litt inn. Det betyr at dei som er med i dag er litt yngre enn dei som har vore med på sommarlutt tidlegare år. Å få lov til å presentere desse unge ambisiøse artistane under Malakoff Rockfestival er ekstra kjekt. Malakoff Rockfestivale er ei svært sterk merkevare nettopp av den grunn er dette ekstra kjekt, seier Stian Sjursen Takle som saman med Gro Ravnestad leia SommarLutt i sentrum av Eid.

Vinnarane

Jackbow frå Eid består av Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer). Jackbow er eit godt eksempel på korleis hard målbevisst jobbing gjev resultat. Dei har kort fartstid som band, men ein kreativ øvingsperiode i Gymmen Scene og Studio har gitt resultat.

Blanda drops

Dei andre  banda som var på Jyplingscena var Ahead Of The Curve, ein hardtsatsande gjeng frå Ålesund, som spelte beintøff hardrock.

Elida Høgalmen gav publikum melankolsk og vár musikk som var blanda av element frå ulike stilartar. Elida har signert med plateselskap og gjeve ut to singlar.

Bandet Don Wild bydde  på stemningsfull «Sing-along pop»  med eit driv prega av både blues, rock. I spissen for bandet står Eivind Vilnes på gitar og vokal, saman med Jarle Haaland, Andreas Naustdal og Mats Halvorsen.

Baia Wolf er ein nystarta  trio beståande av Vidar Seljen Melby frå Måløy, Jørgen Haugland frå Svelgen og Thea Steinmo Hernæs frå Oslo. Vidar og Jørgen gjekk på musikklina på Firda VGS, og har skrive låtar og spelt saman sidan 2010. Til hausten startar dei innspeling av sitt første album.