Ein person blei sett i arresten på Nordfjordeid i natt etter vald mot offentleg tenesteperson. Dette skjedde klokka 02.37 natt til fredag.

Klokka 03.21 rykka politiet ut etter melding om vald. Ein person erkjende å ha slått til ein annan. Han blir meld for dette.

Torsdag kveld fekk politiet melding om at ein motorsykkel  var påkøyrd i Sjøgata på Nordfjordeid.

– Motorsyklisten med ein 11-åring bakpå sto i ro, og venta på nokre fotgjengarar. Då blei han påkøyrt bakfrå av ein personbil. Det vart ingen personskade, og det blir ikkje oppretta sak, fortel Roger Gundersen, innsatsleiar  for politiet under Malakoff Rockfestival.