– Det er ikkje så lett å skaffe folk til å jobbe akkurat denne helga, så i år får eg familien min på besøk som skal hjelpe til. Det er mykje jobb, for vi har fullt hus under heile festivalen. Det er mange grønnsaker som skal kappast, og i går brukte eg heile dagen på å kutte grønnsaker. Desse tre dagane er det tungt og hardt arbeid for alle på jobb. Vi gjer så godt vi kan og prøver å levere god mat til alle gjestane, fortel Weiyong Chen.

Dei reduserer menyen til eigen Malakoffmeny der dei tilbyr 14 forskjellige rettar. Sushi kan ein bestille for Take Away.

– Vi klarar ikkje ha full meny desse dagane, og sushi lagar vi opp på førehand i små boksar, slik at folk kan kjøpe og ta med seg. Vi jobbar vanleg arbeidstid fram til 23.00, for det er ganske hektisk, spesielt for kokkane som skal lage mat heile tida, nesten uten pause og vi treng å hente oss inn igjen. Etter arbeidstid kan det hende vi går bort på festivalen og får med oss litt av stemninga, fortel Weiyong som er i full gang med førebuingar til helga.

Sjølv synest han det er flott med slike store festivalar som trekker folk til bygda.

– Eg kunne tenkt meg ein vikingfestival også, seier han.