I eit brev til huseigarane skriv Kristine Dahl, plan- og utviklingssjef i Eid kommune, at huset er i så dårleg stand at dei, saman med eit uthus, utgjer ei vesentleg ulempe og verkar skjemmande både i forhold til seg sjølv og i forhold til omgjevnadane. I brevet blir det også påpeikt at eigar eller den ansvarlege pliktar å halde byggverk og installasjonar som er omfatta av plan og bygningslova i ein slik stand at det ikkje oppstår fare for skade på, eller vesentleg ulempe for person, eigedom eller miljø, og slik at de ikkje verker skjemmande i seg sjølv eller i forhold til omgjevnadane. Dersom denne plikta ikkje vert halde, så kan kommunen gje pålegg om sikring og istandsetting.

Førehandsvarsel

Eid kommune gjev i brevet Randi Henden Tranås førehandsvarsel om pålegg om sikring og istandsetting. Grunngjeving for førehandsvarsel har kome etter at bygningsmynda var på synfaring på eigedomen onsdag denne veka. I grunngjeving heiter det: «Bustadhuset manglar vindauge fleire stadar, og vindaugsopningane synest å vere uforsvarleg dekka med tanke på å stå i mot sterk vind og anna uvêr. Tilsvarande gjeld for eit uthus på eigedomen, som i dag manglar tak. Ei presenning vert nytta som tak i dag. Bustadhuset manglar vidare bordkledning enkelte stadar, og innvendige bygningsdelar ligg opne i dagen. På bakgrunn av ovannemnde, vurderer vi det slik at bygningane på eigedomen er i så dårleg stand at dei utgjer fare for skade på/eller vesentleg ulempe for person, eigedom eller miljø. Faren skuldast manglande vedlikehald. Då eigedomen ligg sentralt i Nordfjordeid sentrum, finn vi bygningane svært skjemmande.

Eid kommune har gjeve Henden Tranås frist til 1. september i år for å sikre og sette hus og uthus i stand. Dersom ikkje denne fristen vart halde, kan det bli snakk om tvangsmulkt.

Istandsetting: Hus og uthus ligg i mellom Sentrumsbygget og Tverrgata. Foto: Tormod Flatebø