Det er kanskje litt spesielt, men også litt kult, synes rockeprest Kåre Christoffersen.

– Prost Rolf har no gått her og trakka i alle år. Også han kjem til å kome innom. Vi er ein kapasitet. På festival med så mange glade mennesker samla, er her alltid nokon som slit og er lei seg. Målet vårt er at også desse skal ha nokon å snakke med. Vi har eit godt samarbeid innan festivalen, og om det er nokon som sit og gret, så vert vi varsla. Mange kjem også til Røde Kors, og då får vi beskjed, seier rockepresten. Han har bakvakt og ruslar rundt på festivalen frå klokka 16.00 til 04.00 om natta kvar festivaldag.

–Sjølvsagt høyrer eg musikken i bakgrunnen, men den  er ikkje i fokus. Mesteparten av tida er eg inne på festivalcampen og sit i samtale med nokon. Her er eg på jobb, fortel han.

– Kanonkult med eigen rockeprest. Det er bevis på at Eid tenkjer annleis på mange område, seier ordførar Alfred Bjørlo fornøgd.