Køen var lang, men smila store for dei mange som venta på å sleppe inn på festivalcampen på Malakoff torsdag ettermiddag og kveld.

Men ivrige festivaldeltakarar var kjapt i sving med å sette opp telta sine, med ein gong dei slapp innanfor og fekk tilvist plass.

- Dette blir superbra, konstaterte ein stor gjeng frå Naustdal.