– Vi ville ha god tid opp hit og har kosa oss. Dette blir kjekt, vi har til og med duftlys med vanilje, konstaterer Andreas Hella, som har opplevd festivalen på Malakoff før, og har fått med seg fleire i år. Dei hadde grilla ved fjorden i går kveld, og rigga seg til med to telt ved inngangen.

– Vi gler oss mest til å høyre Biffy Clyro og Kjartan Lauritzen, fortel strilane.

I sjølve køan framfor inngangen finn vi også ein gjeng frå Åheim, Stad og Bremanger, som gleder seg stort til festival. Musikken med Vestlandet  er på høgtalaren og er med å sette festivalstemning.

– Malakoff må vi alle får med oss. Det er så flott stemning og mykje kjekke folk, og sjå her, no får vi masse nye vennar i køen, smiler Kevin Beitveit frå Åheim.

– Sy søren, rockeburger er porno. Det er det første eg skal kjøpe, seier kameraten Jon Andre Thue.

Alle gleder seg til Kare Diem og Alan Walker.

– Men det er eit must å få med seg Vestlandet med Anna og Vilde, seier Celine Endal, som har hatt festivalsjef Arnt-Ivar Nausdal som gymlærar på Eid vgs.

No ventar dei alle på at inngangen vert opa klokka 13.00.

–Vestlandet må vi ha med oss, meiner gjengen frå Åheim. Framme Jon Andre Thue, Kevin Beitveit, Lars Aahjem og Celine Endal frå Åheim, Håvard Prestvik frå Stadt og Mats Sunsøy og Borgar Bjarkason frå Bremanger. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes