Etter 15 år fekk festivalsjefen endeleg oppleve at ein vart utselde for billettar før festivalen starta.

- Fantastisk, konstaterer han.

Eventyret starta i 2003, då dei to prestesønene Rune og Ottar Schanke Eikum og venninna Anne Joril Haugland ville skape noke nytt. Festivalkontoret var i prestegarden, og dei fekk med seg prestar, bondekvinnelag og politikarar til å vere vakter på den første festivalen.

I Fjordabladet frå 2003 kan vi lese at «artistane er ved god helse, billettsalet går strykande, lyd og scene er på plass og jamvel sola har varsla at ho kjem».

Publikumstalet har utvikla seg frå 650 første året, til 22.000 i ifjor. I år blir det ny rekord med over 28.000 publikummarar.

Takknemleg

Og nettopp alle frivillige har vore viktig for utviklinga av festivalen.

‑ Opp i alt det praktiske som skal på plass, så er det viktig at vi tar oss tid til å vere takknemlege for å vere med på eit slikt eventyr. Det er heilt ekstraordinært at vi på ein forholdsvis liten plass som Nordfjordeid klarer å skape ein festival med slike artistar som vi gjer, seier festivalsjefen. Han påpeikar at artistane vert blåst av bana av kva som møter dei på Malakoff.

Imponerande

‑ Ingen hadde forventingar eller kunne spå korleis Malakoff Rockfestival skulle utvikle seg til slik den framstår i dag. Mest imponerande er kva vi har fått til dei tre-fire siste åra. Vi kom opp i skyhøgt nivå i 2014, og vi har klart å gjenskape den festivalen. I 2015 var vi ikkje heilt fornøgde, men vi kom tilbake i fjor, og eg er ganske sikker på å toppe den i år, seier Naustdal.

Han viser til at festivalen er solid, samtidig svært skjør.

‑ Den er tufta på at folket stiller på, engasjemnet og dugnad. Den dagen ein ikkje har det må ein justere ned eller finne på noko anna. Men det er ingen grunn til at festivalen skal stagnere. Vi må utvikle oss heile tida. Korleis Malakoff er om fem år veit vi ikkje, og det ser eg på som positivt, seier han.

Festivalsjefen ser også konturane av å vere noko større som kan marknadsførast i ein attraktiv region.

‑ Malakoff er ein del av ei større heilheit, seier han.

Unik festival

Vêrmeldinga har vore studert grundig ettersom den dagleg har endra seg.

‑ Men av erfaring veit vi at vi klarer oss uansett. Eg gler meg veldig til festivalen. Den vert utruleg bra, og vi skal gjere vårt ytterste så den skal gå så smertefullt som den kan, smiler han.

Festivalsjefen lovar festivaloppleving litt utanom det vanlege. Her får ein servert store internasjonale og nasjonale klasseartistar, ein sydande festivalcamp, ein fantastisk frivillig-gjeng, det beste festivalpublikummet og eit festivalområde som skaper ei ramme kring arrangementet som ikkje så mange andre festivalar i Norge kan måle seg med.

Von om årleg hending

Etter første festivalen i 2003 var unnagjort skreiv Fjordabladet: «Det vart full klaff for Malakoff Rockfestival i helga. Musikalsk vart det ei verkeleg storhending, med artistar på aller høgaste nivå. Flott vêr og publikum nok til balanse i rekneskapen, gjev von om at dette vert ei årleg hending. For første gang var også dei fleste etablerte eidabanda samla på ein og same konsert. Dette markerte lokal styrkje, og viser at rockebygda lever både på arrangør- og artistsida.»

I år er det 30 artistar fordelt på to scener på festivalområdet, samt ei scene i Nordfjordeid sentrum.

No er vi klare for Biffy Clyro, Karpe Diem, Alan Walker og Malakoffvennen Åge Aleksandersen og ikkje minst lokale Vilde, Anna og Indigo Child.

DUGNAD: Malakoff er tufta på frivillig arbeid, og i år er det 1.200 som på ein eller annan måte har vore involvert i festivalen med frivillig arbeid. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Publikum: I år blir det ny rekord med over 28.000 publikummarar. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes