Det er UNU Eigedomsutvikling i Måløy som skal bygge elleve leigligheiter i eit planlagt Englundtun.

Eit bustadbygg som blir plassert der Englundbygget er i Lotevegen i dag. Det eksisterande Englundbygget har fått pålegg om riving frå Eid kommune før 4. oktober.

I dag er det Fjordane Invest som eig Englundbygget. UNU Eigedomsutvikling vil kjøpe bygget når dei får selt 70 prosent av dei planlagde bustadane. Om dette ikkje går i orden, er det dagens eigar Fjordane Invest som må stå for rivinga.

Bustadbyggarane UNU A/S satsar på leigligheiter for nye etablerarar, eller dei som kjøper bustad for første gong.

Leiligheitene er frå 51 kvadratmeter og opp til 75 kvadratmeter.

Det blir tre bustadar på bakkeplan, fire i andre etasje og fire i tredje etasje. Bak bygget blir det parkering og det blir heis til bustadane.