I rundt 15 år har Kjølsdalen bygdekvinnelag helde tradisjonen oppe med å servere nonsmat ein ettermiddag kvar sommar. I år er det ikkje noko unntak og i dag bugna det av heimelaga mat på bordet i Kjølsdalen grendahus.

Om lag 12 damer frå bygdekvinnelaget har baka og steikt, smurt på og dekka bordet.

Og på bufféen kunne ein finne alt frå potetkake, natronkake, tynnesvele med pudding, rømmekolle, rundstykke, horn og mange ulike sortar med pålegg.

Mange kjem heim

Det første året blei nonsmaten arrangert i samband med bygdedagar i Kjølsdalen. Seinare har det blitt ein fast tradisjon om sommaren når mange feriefolk finn vegen heim. Og så har dei også satsa på same veka som Malakoff rockfestival for å få med seg utflytt ungdom som er heime.

Nonsmat

Nonsmat var eit heilt vanleg måltid i det gamle bondesamfunnet. Det var tidleg frukost, middag klokka tolv, nonsmat i fire, fem tida og så kvelds. Dette er eit mønster med måltid som mange ikkje nyttar i dag. Men nokre av dei eldre held på tradisjonen. Ei av dei er Astrid Gilleshammer som har vore med på å lage til nonsmat i Kjølsdalen heilt frå oppstarten. Sjølv svergar ho også til denne dagsrytma.

–Eg er van med nonsmat heilt sidan eg var lita. Som bondekone held eg også fram med denne tradisjonen. Det passa best i høve til gardsdrifta og fjøsstellet. Det var greitt å ete nonsmat før ein gjekk i fjøsen om kvelden. Og no når eg er blitt eldre held eg fast på desse måltida. Eg er vel ei av dei få som enno et nonsmat, trur Gilleshammer.

Potetkake

Ein fast tradisjon på matbordet under nonsmaten i Kjølsdalen er potetkake. Det er Jenny Årdal som lagar potetkakene, og ho kan røpe at ho måtte leite litt for å finne passande poteter.

–Nypoteter går slett ikkje, då blir potetkakene tørre. Men så fekk eg tak i poteter frå fjoråret inne på Stårheim. Det var fine poteter å lage potetkaker av, seier Jenny som gjerne deler oppskrifta på dei ferske potetkakene.

–Det er eitt kilo med poteter som ein må male på ei kvern. Så er det 3 dl kveitemjøl og ei teskei med salt. Alt dette blandar ein saman før ein kjevlar ut deiga og stikk ut kakene som skal steikast på ei takke, seier Jenny.

Rømmekolle

Ein anna ekslusiv matrett var rømmekolle. Heidi Berstad hadde laga den av mjølk rett frå kyrne. Ho blanda ni liter mjølk med ein liter kefir. Dette skal stå eit par dagar i romtemperatur for å syrne seg. Så kan det setjast kaldt i kjøleskåp, og etast med sukker på, opplyser Heidi.