Bakgrunnen  for at Nils Ola fekk æra av å opne det offentlege toalettet på Badstutomta i Eidsgata, har direkte samanheng med at han tidleg i februar 2015 skreiv ein kommentar i Fjordabladet under tittelen  «Det nødvendige ærend». Innhaldet i Nils Ola sitt skråblikk gjekk i korte drag ut på at Nordfjordeid i mange år hadde mangla offentleg toalett.

–Eigentleg starta det heile med at eg skulle kjøpe ei T-skjorte hos Arve Espe i Gamlebanken. Då eg spurde kva T-skjorta kosta, sa han at den skulle eg få dersom eg kunne medverke til at det vart bygd eit offentleg toalett på Nordfjordeid, sa Nils Ola som valde å skrive ein «skråblikkkommentar» i lokalavisa for å påverke dei styrande styresmakter.

Avslutningsvis i «skråblikket» kom Nils Ola med denne oppmodinga: «Så gode ordførar, politikar, rådmann, teknisk sjef, plan- og utviklingssjef og alle de andre som arbeider til beste for oss som er glade i den vakre kommunen vår: Det må no for svingande vere råd å få til eit offentleg toalett i sentrum!».. «Eg veit ikkje kvar det kan plasserast, men eg tillet meg å minne om at det framleis står eit lite, gult murbygg på Badstutomta…»

–Rett skal vere rett. Den som fortener æra for at toalettet har kome der det har kome, er kona mi Marit Hjelle. Det var ho som føreslo det gule murhuset på Badstutomta.

To toalett

–Dette er ein stor dag for Nordfjordeid. Då vi opna badstuplassen for kort tid sidan mangla sjølve kronjuvelen – det offentlege toalettet. For 60-70 år sidan hadde vi offentleg toalett på Nordfjordeid. Toalettet på Badstuplassen hadde enkel standard, eit rom med ei dør og eit hol i golvet. I dag skal vi opne eit moderne offentleg toalett, og vi har funne det heilt på sin plass at det er Nils Ola som står for den offisielle opninga, sa Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, som også hadde invitert ordførarkollega i Selje, Stein Robert Osdal, til å vere med på den høgtidelege hendinga.

–Når Nils Ola har opna toalettet på Badstuplassen skal vi også opne endå eit offentleg toalett i Sagaparken. Det er så det reint fløymer over, sa Eid-ordføraren.

Lovnader

–I valkamp lovar politikarar ein heil del med ting, også du Alfred. I valkampen for to år sidan var det ingen politikarar som lova veljarane eit offentleg toalett på Nordfjordeid, men no har det kome. Hurra, sa Nils Ola Strand før han fekk tømt seg for alt han hadde samla på det siste døgnet.

Her kan du lese heile kommentaren til Nils Ola Strand:

«Eit nødvendig ærend»

«Dette skulle Kommunen ha betalt for» seier han, der han står og vaskar eit toalett som ikkje på noko vis er offentleg. Snarare tvert imot. «Men ein stad må no folk få gå når dei har eit nødvendig ærend», held han fram. Eller treng å gå på do, for å seie det i klartekst. Og det er neimen ikkje godt å vite kvar du skal gjere av deg dersom du ikkje er kjend på Eid og får slike behov.

Mykje er endra sidan eg kom hit til Eid for 45 år sidan. Mykje har vorte betre, men ikkje alt. Då eg kom hit hadde tettstaden fem matbutikkar, fire bakeri, minst tre manufakturbutikkar, to fiskebutikkar, skofabrikk, skreddar, slakteri, meieri – og eit offentleg toalett. Dette siste låg på Badstutomta ved Betania og hadde etter måten enkel standard: Berre eit rom utan andre fasilitetar enn eit hol i golvet. Men det var no greitt nok dersom naturen melde sine behov på veg mellom hybelen og Valhall ei sein laurdagsnatt. No har vi ikkje noko slikt tilbod. Det var rett nok nære på for nokre år sidan, men det mest innflyttingsklare toalettbygget på Almenningen måtte rivast grunna noko advokatane kalla «negative servituttar» eller noko i den dur. Offentleg toalett vart det i alle høve ikkje den gongen, men tettstaden vår treng eit slikt tilbod. Kven har ikkje hatt behov for å gjere eit nødvendig ærend?

Kvar sommar er eg turist. Og kvar sommar melder det seg behov for slike nødvendige ærend. Dette medfører sjeldan særlege utfordringar. Dei aller fleste stader finst det offentlege toalett, gjerne rett ved der folk kan setje frå seg bilane før dei startar å legge att pengar. Standarden på tilboda varierer sjølvsagt, men når nauda er stor, kan ein oftast greie seg med det meste. Slike tilbod finst ikkje berre i tettstader. Sist sommar utforska eg mellom anna turløypene på Bornholm. Dei er lange, velhaldne og sjølv eg vart freista til å ta løypene i bruk for å halde meg i form. Det er no rart med det når ein nærmar seg pensjonsalder… Og kva trur du eg fann attmed stien, langt inn i skogen og fleire kilometer frå næraste hus? Eit ope, gratis, offentleg toalett!

Første gongen eg var i Aust-Europa, tok det litt tid før eg fann ut korleis bruk av offentlege toalett fungerte. Eg vart møtt av ei eldre kvinne som fekta med armane og prøvde å fortelje meg noko på eit tungemål som låg langt frå det eg hadde lært på skulen. Det verka som om ho ville selje meg eit eller anna. Eg prøvde å fortelje henne at eg berre ville ein tur på toalettet – og at dette tok til å haste. Til sist ga ho opp og slapp meg inn i det aller heilagste. Det første eg såg, var at dette toalettet var heilt annleis enn alle andre eg hadde sett til då. Skal tru kva veg ein skulle setje seg på denne merkverdige konstruksjonen? Men eg kunne ikkje bruke så mykje tid på å fundere på dette. Då det nødvendige ærendet nærma seg slutten, såg eg meg om etter toalettpapir. Først då skjøna eg kva det var den eldre dama hadde insistert på å selje meg.

Så gode ordførar, politikar, rådmann, teknisk sjef, plan- og utviklingssjef og alle de andre som arbeider til beste for oss som er glade i den vakre kommunen vår: Det må no for svingande vere råd å få til eit offentleg toalett i sentrum! Det er heilt greitt at Eid inviterer, har vilje til vekst og slike ting, men kva hjelper dette når folk har behov for å gjere eit nødvendig ærend? Kva vil du seie til dei som vitjar tettstaden vår og treng eit toalettbesøk? Det er ikkje det at eg ikkje set pris på det du styrer med elles. Det er flott at du vil ha bru over Nordfjord der brua gjer mest nytte for seg, det vil eg og ha. Det er veldig bra at du får orden på vegskilta slik at folk slepp å køyre Kviven når dei står i krysset på Hjelle og undrast på kva som er kortaste vegen til Volda. Det er kjempefint at du arbeider for grøn finansforvalting, realisering av Sagastad og utvida bandtvang for hundar. Men kunne du vere så snill å få opp eit offentleg toalett aller først? Eg veit ikkje kvar det kan plasserast, men eg tillet meg å minne om at det framleis står eit lite, gult murbygg på Badstutomta…

Både born og barneborna til Nils Ola hadde møtt opp for å få med seg far og bestefar sin offentlege opptreden. Foto: Tormod Flatebø
Nils Ola inn på det offentlege toalettet på Badstuplassen for første gong for å gjere unna "Eit nødvendig ærend". Foto: Tormod Flatebø
Nils Ola Strand fekk æra av å vere førstemann på Eid sitt første offentlege toalett i nyare tid. Foto: Tormod Flatebø
Etter at jobben var gjort var det utdeleing av gåver til "gudfar" Nils Ola. Vi går ut frå at teksten på T-skjorta ikkje har direkte samanheng med toalettbesøket. Foto: Tormod Flatebø