Malakoff Rockfestival har tradisjon for flott vêr. Også i år ser det ut til at varmen frå sørlegare strok stikk innom Nordfjordeid like før og under festivalen.

Allereie i morgon onsdag startar sommaren opp att, etter lengre tids pause med regn og atter regn. Torsdag skal sola skine frå skyfri himmel, og det kan vere godt å ta med seg når telta skal settast opp på festivalcampen.

Fredag er det meldt overskya, varmt men ikkje nedbør.

Laurdag skal det ifølge yr.no regne littegranne på kvelden, men alt i alt blir det varmt og godt og ein smule klamt under regnkleda kanskje. Paraplyen får du ikkje med deg inn på festivalområdet, så kanskje ei tynn regnjakke som du kan ha utanpå festkleda kan vere eit lite tips.

Uansett vêr, så blir det Malakoff Rockfestival også i år.