–Dette er ein heilt spesiell båt. Den er teikna og konstruert av Carlo Riva, ein av dei fremste designarane av luksusbåtar. Riva Italia er 44 meter, bygd i 1961 til prisen av Brunei. Korleis den kom til Norge er ei lang historie, seier John Olav Lefdal som kjøpte Riva Italia sist vinter. Eller rettar sagt, bytte den bort mot ein 54 fot lang Mochic. Riva Italia er 135 fot (44 meter).

–I mai og juni er det full rulle med turar på Oslofjorden, men i og med at juli er ein heller daud månad for dags- og kveldsturar på Oslofjorden, så har vi tatt turen til Nordfjordeid, og blir her til byrjinga av august. Då har marknaden tatt seg opp att i Oslo, og det blir igjen dags- og kveldsturar på Oslofjorden i august og september, seier John Olav som under opphaldet i Nordfjord skal cruise rundt på fjorden med stjerner som opptrer på Malakoff Rockfestival, der Nordrikk er ein av hovudsponsorane.

Turar i Nordfjord

– Under Malakoff Rockfestival vil superyachten vere open for publikum. Vi har alle rettar når det gjeld servering, så her er det mogeleg å få forfriskingar. Etter at Malakoff Rockfestival er over på laurdag, skal vi først på blåtur med tilsette i Nordrikk, i samband med at selskapet er 30 år. Veka etter vil det vere mogeleg for firma å leige båten til turar inn eller ut fjorden, seier John Olav som legg til at yachten har plass til 100 passasjerar, så det er mogeleg for fleire verksemder å slå seg saman å dra på tur.

Cruiseskip

–At det var du og Riva Italia som skulle bli først til å legge til på cruisekaia på Nordfjordeid var det kanskje få som hadde tenkt seg. Spørsmålet vi får frå fleire hald er om det i det heile kjem cruiseskip til Eid denne sesongen?

– Grunnen til at det har trekt ut i tid, har rett og slett samanheng med at vi ikkje har ville stresse saka, og at vi har vore opptekne av at alt skal ha alt på plass, og at det skal sjå flott ut når vi tek imot dei første cruiseturistane. Sjølve seawalken er på plass og klar til bruk, men det står framleis att ein del arbeid både i småbåthamna, og når det gjeld oppstillingsplassar for bussar. I dag har vi fått graveløyve i småbåthamna, og det arbeidet vil bli starta opp så raskt som mogeleg. Når alt er på stell får vi sjå kor tid det første cruiseskipet kjem, seier John Olav Lefdal og legg til at det skal vere eit møte denne e veka, der ein skal drøfte aktuelle saker når det gjeld cruisetrafikken til Nordfjordeid.

Stort potensial

John Olav Lefdal er ikkje berre oppteken av at Nordfjord Serviceterminal skal ha alt i orden og på stell-. Han er også opptatt av at andre grunneigarar skal rydde opp og vise Nordfjordeid frå si beste side.

– Turistnæringa er verdas største næring. Alle er opptekne av å få sin del av kaka, og difor er det viktig at vi tek imot gjestane våre på ein god måte, slik at dei kan kome tilbake, og/eller formidle til andre kor flott det var å kome til Nordfjord og Eid, seier John Olav Lefdal som er imponert over alt som skjer i kommunesenteret for tida.

–At Eid kommune og næringslivet i kommunen no har gjort store investeringar i Sagapark, Sagastad, nytt stort handelshus vil vere med å bidra til at tilreisande vil finne det triveleg å kome til Nordfjordeid. Når dei store turistskipa kjem til Nordfjordeid vil dei som ikkje reiser på busstur nytte høvet til å sjå seg om, og i den samanheng er det viktig at vi heng skikkeleg i stroppen og nyttar dei høve som byr seg, seier han.

25 millionar liter: Nordrikk AS kan i år feire 30-årsjubileum. Firmaet leverer no 25 millionar liter vatn, brus og øl på Vestlandet. Foto: Tormod Flatebø
Maskinrom: To x 900 hestekrefter syter for framdrifta på Riva Italia. Foto: Tormod Flatebø
Dekksmannskap: John Olav Lefdal var dekksmannskap då Riva Italia la til ved Dampskipskaia på Nordfjordeid fredag ettermiddag. Foto: Tormod Flatebø
Styrehuset er som andre delar av Riva Italia i messing og mahogny. Foto: Tormod Flatebø
Blannkpussa bardisk. Foto: Tormod Flatebø