Han er ein av 800 registrerte frivillige for festivalen. I 12 år har han jobba som frivillig, dei siste elleve åra som områdesjef.

– Det er kjekt, sjølv om det er ganske mykje arbeid. Men det er verdt det. Ein blir sliten, men det er viktig å bruke tida på å få ting på plass til rett tid, fortel han. Områdesjefen synest det er kjekt gjere noko for ungdommen i alle aldrar.

For ungane

– Malakoff vert ein del av ferien. Eg brukar to veker ferie her, samtidig har eg ein grei arbeidsgivar som lar meg jobbe fleksibelt. Det er ikkje så gale å jobbe i ferien, ettersom det er saman med ungane ein gjer det. Andre familiar er engasjerte i turneringar halve somrane, for oss er det Malakoff som gjeld. Og skal ein få til noko, så må ein stille, fortel Svein Arne. Han innrømmer at det går med tid til Malakoff gjennom heile vinteren med ting som skal bestillast og sjekkast ut.

Sonen spelar

Sonen Håkon er også med som frivillig som crewkontakt, mellom anna med å passe på at lydfolka har det dei treng.

Men Håkon skal også spele på jyplingscena med bandet sitt Jackbow, og på hovudscena med gitar når Indigio Child og Anna og Vilde syng og spelar.

– Då kjem det nok til å vere fullt med lokale folk på festivalen. Men eg er mest nervøs for å spele på jyplingscena, seier Håkon, som for første gang skal spele på scene under Malakoff.

– Malakoff er kjekkare enn julaftan, meiner Håkon, og påpeikar at Malakoff er største attraksjonen Eid har å vise til.

– Det blir spanande å spele sjølv. For vår del er det større å spele her, enn då vi deltok på landsmønstringa i UKM, meiner han.

– Det blir spennande å sjå han på scena. Dei er flinke og lagar bra musikk, seier pappa Henjesand.

Han meiner alle eidarar bør vere kjempestolt av festivalen.

– Utan tvil. Det er stort. At dette kan skje i Eid er enormt, men samtidig hadde det ikkje skjedd hadde ikkje festivalen hatt så mange frivillige, påpeikar han.

Mykje arbeid: – Det er viktig å planlegge godt, og få ut alle ting på plassane sine tidleg, så alt er klart til dei som skal rigge opp, fortel områdesjef Svein Arne Henjesand. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes