Kvar blir det av sommaren? I midten av juli har enno ingen sett den. Men eidarane er tolmodige og trur på betre tider i august, eller kanskje til hausten.

For sommaren 2017 let vente på seg, og gradestokken viser i midten av juli temperaturar omlag som i januar. Rundt ti grader om morgonen og kanskje litt varmare ut på dagen.

På den nye badestranda i Eid sentrum, Sagaparken, er det godt med plass. Solhungrige nordfjordingar ventar på betre tider. I førre veke var Fjordabladet på jakt etter nokon som ville klage litt over dette elendige sommarvêret. Men så viser det seg at eidarane held motet opp, prøver å smile og tek dagane som dei kjem.

–Vi har bada i år altså. Det er berre to dagar sidan, kunne tre unge frå Hjelle og Mogrenda fortelje torsdag. Dei hadde funne vegen til Sagaparken på ein dag då vinden var ekstra isande kald. Men trass mangel på sommarvêr heldt dei humøret oppe.

–Det var ikkje så veldig kaldt i vatnet, berre heilt med det same. Vi la oss ned og svømte litt, seier dei som elles har vore på ferie og opplevd litt badeliv andre stadar.

Berre ein dag over 20 grader

I juli så langt har det vore berre ein dag over 20 grader. Dette viser målingar frå Kroken målestasjon i Markane. Frå Meterologisk institutt i Bergen blir det opplyst at gjennomsnittstemperaturen i juli så langt har vore 11,7 grader. Noko som er 1,3 grader lågare enn normalen. Den varmaste dagen var laurdag 1. juli med 23,3 varmegrader. Den kaldaste dagen var onsdag 5. juli, då det blei målt ned mot 4,4 grader. Sjølv om det har vore ein kald juli så langt, så kan vi kanskje trøste oss med at det faktisk har vore nedbør under normalen. Så langt i år har det kome 56,7 mm nedbør i juli. Det er sytti prosent av normalen for dei same dagane i juli månad, blir det opplyst frå Meterologisk intstitutt i Bergen.

Betre til hausten

Solveig Midtbø frå Bryggja er dagleg leiar ved vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid. Ho held humøret opp trass ein dårleg sommar så langt, og trur på betre tider til hausten.

–Vêret får vi ikkje gjort noko med, og det har sin sjarm med ruskevêr også, seier Solveig Midtbø. Ho har travle dagar som dagleg leiar i Sagastad og har ikkje tid til nokon vêrdepresjon.

–Det nyttar ikkje å sture, ein må halde humøret oppe sjølv om det ikkje er så varmt, seier ho som faktisk ser ein fordel med det dårlege sommarvêret. Vikingskipet som er under bygging på Nordfjordeid trivst faktisk best når det ikkje blir så varmt i hallen der det står.

–No slepp vi at båten sprekk opp unødig. Men det er skikkeleg kaldt i hallen altså, der vi oppheld oss for å vise fram skipet til turistar og andre. No har vi fått ein varmeomn inne på kontoret i brakka. Så kan vi stikke inn og varme oss der.

Held varmen med strikking

Bente Hellebust var barnepassar i Sagaparken på Nordfjordeid  i førre veke. Ho hadde plassert seg med strikketøy på ein benk i parken.

–Eg frys ikkje så lett, og vêret får vi ta imot slik det kjem. klage det hjelper vel lite. og så kan det vel bli fint i august, seier Bente Hellebust som torsdag i førre veke var barnevakt for tre barnebarn. Dei hadde teke turen i Sagaparken, der ein kald benk ikkje skremde ho vekk frå å nytte høve til strikking.

–Barnabarna har bada tidlegare i Eikefjorden. Det var ein dag då det var skikkeleg varmt og godt. Og så har eg allereie vore på ferie, der turen gjekk til Island. Men det var ikkje for å leite etter varme altså. Eg klarer meg godt fordi om det ikkje er så veldig varmt. Tidlegare brukte er å bade i sjøen også om vinteren, så eg er vel litt herda, trur Hellebust.

Betre til Malakoff?

Etter tre veker med kalde dagar i juli kan det no likevel vere  litt sommar i vente. I følgje yr.no skal det bli opp til 28 grader på Nordfjordeid på torsdag, 23 varmegrader på fredag og 22 grader på laurdag. Torsdag er det ikkje meldt om regn, medan det fredag skal komme litt regn og vind frå nordvest. Laurdag blir det også nokre timar med regn.

Solveig Midtbø brettar opp kragen mot nordavinden. Ho har ingen planar om å bli vêrsjuk, og seier at Myklebustskipet likar seg best når det ikkje blir for varmt.
Bente Hellebust er tidlegare vinterbadar og har ikkje så lett for å fryse. -Vi får ikkje gjort noko med dette vêret, så vi får ta det som det kjem, seier ho som heldt varmen med strikking i Sagaparken.