Fjordabladet har ved fleire høve skrive om kravet frå innbyggarane på Stårheim sitt krav om gang- og sykkelveg langs riksveg 15 frå Rødsstranda til Stårheim sentrum. På den 3,1 kilometer lange strekninga frå første avkøyring på Røedstranda og fram til 50-sona på Stårheimsneset er det 14 avkøyringar, svært mange av dei svært uoversiktlege, ein idrettsplass, ein rasteplass og sju busstopp på kvar side av vegen. I og med at det fartsgrensa på heile strekninga er 80 km/t, er det heller ikkje merka fotgjengarovergangar for dei som må krysse vegen for å kome fram til busstopp, i hovudsak handlar dette om busstopp på sjøsida av vegen, altså for busstransport innover mot Nordfjordeid.

Krav om strakstiltak

Så seint som i juni i år sa ordførar Alfred Bjørlo til Fjordabladet at; «Eid kommune har verkeleg vore offensive i saka.» Vidare sa han at så snart Nasjonal Transport plan vert vedtatt i Stortinget, skulle Eid kommune straks ta kontakt med Statens vegvesen for å legge ytterlegare press i saka. Etter det har det vore stille. Innbyggarane som har kjempa for denne saka i snart 30 år, har forstått at ting tek tid, og har difor bede om strakstiltak, som nedsett fartsgrense, frå 80 km/t til 60 km/t. Heller ikkje på dette området har det skjedd noko.

Trafikksikker kommune

I august 2015 underteikna Eid kommune ein intensjonsavtale med Trygg Trafikk om å bli «Trafikksikker kommune». Kva betyr det å bli godkjent som «Trafikksikker kommune»?

– Det betyr at kommunen er ein viktig aktør i trafikktryggingsarbeidet. Som vegeigar, barnehage – og skuleeigar, arbeidsgjevar, kjøper av transporttenester. Kommunen er ansvarleg for innbyggarane si helse og innbyggarane sin trivsel. Kommunen har med andre ord eit stort ansvar for å førebygge ulukker, seier Audun Tryggestad, distriktssekretær i Trygg Trafikk.

Likeverdig behandling

– Fjordabladet har sett på strekninga Indre Røed – Stårheim sentrum, og samanlikna denne strekninga med tiltaka som til dømes er gjort på Haugen, der det vart laga gang- og sykkelveg for nokre år tilbake, i tillegg til at det er nedsett fartsgrense. Bør det ikkje vere ei likeverdig behandling når det gjeld tiltak?

– Eg kjenner ikkje strekninga Indre Røed – Stårheim i detalj, men slik Fjordabladet framstiller strekninga er det rimeleg at det vert sett i verk tiltak. Eg veit at Eid kommune har vore aktive i arbeidet for å få bygd gang- og sykkelveg på strekninga, men det tek tid og difor bør ein sjå på kva tiltak som kan gjerast fram til ein gang- og sykkelveg er realisert. Trafikktryggleiksarbeidet er avhengig av ein brei og samla innsats der fleire sektorar er involverte for å førebyggje og redusere trafikkulykker. Nedsett fartsgrense, trygge fotgjengarovergangar og belysning er døme på strakstiltak som kan gjerast. Samanliknar ein det som er gjort på Haugen så ser det umiddelbart ut som om desse to strekningane ikkje har fått lik behandling, seier Tryggestad.

Skal sjå på strekninga

Kjem Trygg Trafikk til å engasjere seg i denne saka?

– Eg skal besøke Eid i samband med at avtalen om «Trafikksikker kommune» etter sommarferien, då vil eg samstundes sjå på den strekninga som vi no har snakka om, seier Audun Tryggestad.

Riksveg 15: Avkøyring og busstopp på Indre Røed ligg like etter ein sving – i begge retningar. For å kome til busstoppet på nedsida av vegen må ein gå 50 seksti meter lang riksvegen i 80-sona. Foto: Tormod Flatebø
Idrettsplass: Oversikta til ut- og avkøyringa til idrettsplassen og fotballbanen ved Torvika er heller dårleg. Her ferdast det mange born vår, sommar og haust. Foto: Tormod Flatebø
Til byggefeltet: Her er det busstopp på begge sider av vegen, og avkøyring til byggefeltet på oversida av riksveg 15. Foto: Tormod Flatebø
Til hjelp: I den minst uoversiktlege avkøyringa er det sett opp ein spegel. Foto: Tormod Flatebø
To avkøyrsler: Her er det ei rimeleg lite oversiktleg avkøyring. 100 meter lenger framme er den neste, den ser vi knapt på biletet. Foto: Tormod Flatebø
Røedstranda: Her er den første av 14 avkøyringar på strekninga Røedstranda – Stårheim. Foto: Tormod Flatebø
Riksveg 15: På Haugen er det laga flott fotgjengarovergang. Det er oversiktleg og gangveg, og 60-sone. Eit godt døme på korleis ein kan løyse det også langs riksvegen mot Stårheim. Foto: Tormod Flatebø