Førebels er sommarferien over for Ordførar Alfred Bjørlo. Denne veka skal han vere plassert med utekontor i Eidsgata, saman med ordførar Stein Robert Osdal frå Selje på onsdag.

Dette er sjette året på rad at Eid kommune tek kontora med seg ut i gata for å treffe folket der dei er. Å gjere seg lett tilgjengeleg når 10-15.000 menneske kjem heim til Malakoff Rockfestival. Teltkontoret finn du på badstutomta midt i Eidsgata. Den er også nyleg blitt oppgradert, og står fram innbydande og triveleg.

Nytt av året

– Stort sett køyrer vi det same konseptet som tidlegare. Vi har ope kontor, og her kan du få informasjon om Eid. Eg er tilgjengeleg som ordførar her i gata. Det som er nytt er at vi får med oss ordføraren frå Selje på onsdag. Så då har vi felles ordførarkontor med Selje. Det andre nye er kartet med Barnas Nordfjordeid, som vi kjem til å profilere spesielt i sommar. Det har skjedd veldig mykje i sentrum dei siste åra som gjer det trivelegare for born og unge å vere her.

– Kartet viser kvar det er komme nye leikeplassar og hyggelege ting å gjere. Dette gjer vi litt for å vise alle som er heime på ferie at Eid er ein bra plass å flytte til og vere på for barn. For dei som kanskje har vore vekke nokre år, og hugsar korleis sentrum såg ut før, så er det kjekt å kunne gå litt på oppdagelsesferd, seier Bjørlo.

Kva spør folk om?

– Det er mykje forskjellig. Men det er stort sett to kategoriar. Den eine spør om dei store tinga, politikk, utvikling av kommunen med meir. Den andre kategorien spør om dei heilt små tinga, som til dømes kvifor er ikkje gata mi asfaltert, kvifor er det ikkje gatelys her og slike ting. Dette synest eg det er veldig nyttig å plukke opp å ta tak i. Nett no er det ute på høyring ein ny skiltplan for Eidsgata, der fleire av innspela var nokre som kom inn under open kontordag i fjor, fortel han.

Konkrete innspel tek han med vidare inn på kontoret sitt, og jobbar vidare med der, slik at alle kan føle at det dei kjem med til Ordføraren i gata vert høyrd og gjort noko med.

– Eg vil gjerne oppmode spesielt om at folk tek kontakt om småting, som ein kanskje ikkje ville gått på Rådhuset med. Her er det ope for alle å stikke innom med stort og smått.

Ekstremt vêravhengig

I dei seks åra ordføraren har halde ope kontor i Eidsgata har han lagt merke til at folk oftare stikk innom viss vêret er godt.

– Det er ekstremt vêravhengig kor mange som kjem innom. Er det regnvêr så er det roleg, men med det same sola kikkar fram så er det masse folk i gata. Og då har dei meir lyst til å stoppe opp og slå av ein prat. Så dei dagane det er varmt og fint, så opplever eg det som utruleg givande å vere her.

Vil ein ha dei lange djupe samtalane med ordføraren er det kanskje best å satse på dei dagane det er mykje regn, og litt surt og kaldt.

Stein Robert Osdal: – Det skal bli spennande å treffe eidarar og tilreisande og slå av ein prat, og høyre litt kva som rører seg, og korleis dei ser på prosessen framover. Det blir også første gong eg er på Malakoff. Eg skal vere vakt så det blir kjekt og spennande å få tatt tempen på det frå innsida. Foto: Tormod Flatebø