Totalt auka lågpriskjeda Extra omsetninga i førte halvår med 4,8 prosent. Dette kjem samstundes som marknaden generelt til tider har vore i tilbakegang.

–Vi held fram med å levere på lovnaden om låge prisar og et extra stort utval. Det sett openbert kundane, som også er våre eigarar, pris på. Første halvår har vore hektisk, men samstundes utruleg moro å vere en del av ei kjede i medvind. Dette har de tilsette store deler av æra for – det er dei som sørgjer for at kundane stadig kjem tilbake, seier administrerande direktør Geir Espe i Coop Vest.

368 butikkar

Coops lågpriskjede Extra har i dag 368 butikkar spreidd over heile landet, og skil seg ut ved å kombinere låge prisar med eit supermarknadsutval. I sommar er det grillmat og frukt og grønt det går mykje av.

Sunnare

–Det breide sortimentet gir kundane stor valfridom blant kvardagsprodukt, og gjer også at vi i våre butikkar har eit godt tilbod til kundar som ønskjer økologiske produkt, vegetarmat eller allergivennlege produkt. For årets grillsesong ser vi at stadig fleire kjøper sunnare alternativ som grønsaker eller vegetarburgerar, seier Espe.