– Eg trur eg aldri før har sett så mykje folk i Eidsgata, seier initiativtakar Leon Knapskog. Folk frå eit stort omland stimla saman for å nyte god mat.

– Nydeleg, dette var ufatteleg godt! No har eg prøvd to porsjonar, og er klar for alt. Det er kjekt å smake på mest mogleg, smiler Rune Rasmussen frå Eid, som verkeleg storkoste seg på matfestival. Her fekk ein servert alt frå pulled pork, til spansk tapas og kebab med langtidsgrilla lam.

Jeanette Heimsæter frå Eid håper festivalen vert ein fast tradisjon. Ho kom skrubbsvolten på matfest, og åt seg gjennom smaksbombe etter smaksbombe.

– Fortreffeleg spansk tapas av Øyvind Haugland, meiner ho.

Les meir om Eid Gatematfestival i papiravisa tysdag og sjå eiga bildeserie her på nett.

Rune Rasmussen frå Eid storkoste seg med burger og andre delikatesser på matfesten. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes