– Vi har ikkje spikra opplegget for årets Tine Fotballskule fullt ut endå, men det eg jan seie er at spelarane på Eid sitt lag i 4. divisjon vil stille som instruktørar. Eg er overtydd om at mange unge spelarar vil tykkje at det blir kjekt å få nærare kontakt og instruksjon av A-lagsspelarane. I tillegg til våre eigne instruktørar jobbar vi med å få inn ein dyktig keepertrenar. Eg kan også seie at vi på avslutningsdagen, 16. august, kjem til å arrangere VM-dag, med uoffisiell turnering, seier Dan Jøran Hafsås som legg til at alle som ønskjer å delta kan melde seg på.

– Vi har plass til ein stad mellom 150 og 200 fotballungdomar, så det er berre å melde seg på, seier Eid-trenaren som også inviterer spelar frå dei andre klubbane i regionen.

Spissa opplegg

– Nytt av året er «Fotballcamp». Dette er eit litt meir spissa tilbod som går parallelt med Tine Fotballskule, og er retta mot ungdomar mellom 13 og 17 år. På fotballcampen vil deltakarane få innføring i korleis dei kan bli endå betre fotballspelarar. I tillegg til seks intensive fotballøkter, vil det også bli interessante foredrag. Alle innanfor den aldersgruppa som vi her snakkar om kan melde seg på. Det er ikkje snakk om at spelarane skal ha visst ferdigheitsnivå for å kunne bli med, seier Dan Jøran som spesielt oppmodar dei eldste, altså dei som nærmar seg 17 år, til å melde seg på fotballcampen.

– Grunnen til at eg oppmodar dei eldste til å melde seg på har samanheng med at vi ut frå tidlegare erfaringar ser at dei eldste spelarane ikkje melder seg på. Det kan ha samanheng med oppfatninga dei har av Tine Fotballskule, fotballcampen er eit veldig godt tilbod med gode instruktørar og flinke føredragshaldarar.

Sogndalspelarar

–Det som også er klart er at vi kjem til å få besøk av Rune Bolset, som har fleire hundre kampar for Sogndal. Kven han tek med seg i tillegg, er ikkje heilt klart enno. Besøket frå Sogndal blir truleg på tysdagen, seier Dan Jøran som også har ei gulltskjorte som alle deltakarane vil få.

–Elles kan eg opplyse at det vert gitt syskenmoderasjon, seier Eid sin A-lagstrenar som er ansvarleg for alle treningsøkter og føredrag.