BESTEMT DEG?: Viss du allereie har bestemt deg for kven du skal stemme på kan du gjere det i røystebua hos Eid kommune allereie no. Ta med legitimasjon.
            (Foto: Anita Ingebrigtsen)

BESTEMT DEG?: Viss du allereie har bestemt deg for kven du skal stemme på kan du gjere det i røystebua hos Eid kommune allereie no. Ta med legitimasjon.Foto: Anita Ingebrigtsen

Tidlegrøysting er ope for alle

Så langt er det berre to personar som har nytta seg av høvet til tidlegrøysting til stortingsvalet kommande haust.

Det er ikkje berre folk frå Eid som kan røyste tidleg no, men absolutt alle med stemmerett i Norges langstrakte land. Så er du på feire på Nordfjordeid, og har lyst til å røyste allereie no, er det berre til å ta turen innom servicekontoret på Eid kommune.

– Alle som vil kan røyste, men ein må ha med seg gyldig legitimasjon. Så sjekkar vi at dei står i manntalet, og skriv ut valkort. Vi legg det i ein ekstra konvolutt og registrerer at dei har stemt. Så sender vi stemmene til den kommunen dei kjem ifrå før valet, fortel Anne-Lise Bakke på Eid kommune.

Tidlegrøystinga starta 1. juli og held fram til 9. august. Deretter heiter det førehandsrøysting, og då opnar også høvet til å stemme på biblioteket.

Kan røyste på 14 parti

Stortingsvalet i år er måndag den 11. September.

I Sogn og Fjordane er det levert inn lister frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, SV, Venstre, Rødt, De Grønne, Partiet De Kristne, Liberalistene, Helsepartiet, Demokratene og Alliansen.