Dette melder Inge Asbjørn Haugen på heimesida til Hornindalsvatnet maraton.

Spesielt

– Det blir endå meir spesielt med Signy. Ho er søstera til Jon Svein Henden som omkom i bilulukke på veg til eit løp i Bergen i 1991. Jon var den første som runda 100 maratonløp og er såleis skipar av 100-klubben. På dette viset blir Signy og Jon dei første søskena i klubben. Dei er fødde og oppvaksne i Hennebygda, ikkje så langt frå Hornindal. Dette blir heimebane for Signy!

Nesten fri for trafikk

–Som dei tre føregåande åra er løypa nesten fri for trafikk. Den går til den vesle bygda Otterdal i Hornindal. Bygda vart veglaus i 700 dagar etter «Dagmar». Vegen er bygd opp att med fast dekke og autovern. I hovudsak er det her den nye traseen for maratonløpet ligg. Både maraton, halvmaraton og 10 kilometer går her, skriv Inge Asbjørn Haugen.