Ei ung jente som var passasjer i traileren vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, og politiet melder at ho ikkje har alvorlege skadar.
(Foto: Tormod Flatebø)

Ei ung jente som var passasjer i traileren vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, og politiet melder at ho ikkje har alvorlege skadar. Foto: Tormod Flatebø

Trailersjåfør frå Nordfjord omkom

Ein trailersjåfør frå Nordfjord omkom i ei trafikkulykke ved Billingen i Skjåk natt til torsdag.

Traileren var på veg vestover på riksveg 15, og skal ha køyrt av vegen. Ei ung jente som også var i traileren vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, og politiet melder at ho ikkje har alvorlege skadar.

Ulykka skjedde rett før klokka 3 natt til torsdag, og ifølgje politiet var det ingen vitne til ulykka. Det var andre forbipasserande som melde ifrå om utforkøyringa som skjedde på strekninga Billingen-Strynefjellet.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane jobbar transportselskapet sjåføren arbeidde for, med å få varsla dei tilsette.

– No prøver vi å ta vare på familien og dei tilsette så godt som mogleg, uttalar ein representant for transportfirmaet til NRK.