Politiet har arrestert to tenåringar etter at dei fann tjuvegods frå branntomta i eit hus på Leikanger.

Politiet har arrestert to tenåringar etter at dei fann tjuvegods frå branntomta i eit hus på Leikanger.

Tjuvegods frå branntomt

Det kan vere ei kopling mellom eit innbrot på Stadlandet og ein husbrann i Selje, melder NRK Sogn og Fjordane. No er to personar under 18 år arresterte av politiet, sikta for eit innbrot på Stadt Servicesenter. Då politiet arresterte tenåringane fann dei tjuvegods frå nettopp Stadt Servicesenter og frå eit hus som brann på Leikanger 5. juli. Huset vart totalskadd i brannen. Politiet vil førebels ikkje seie noko om koplinga mellom brannen og dei to ungdommane.