Dei har aldri seld fleire billettar, og har passert fjoråret for lengst.

– Dette går strålande, men det var noko vi også forventa, ettersom vi i år har utvida til tre dagar. Men samtidig sel vi flest festivalpass for fleire dagar, og ikkje så mykje billettar som berre gjeld for ei dag, seier ein storfornøgd festivalsjef. Erfaringsmessig er det likevel siste veka det trøkkar på med billettsalet.

Fredag met populært

– Det går nok mot ein utseld festival, og det er fantastisk, seier han. No ser det ut til at det er fredagen som vert utseld først.

Kapasiteten er på 12.000 publikummarar på kvar av dagane, i tillegg til 3.500 på ekstradagen torsdag.

– Ettersom barn ifølgje med vaksne går gratis er vi usikre på kor mykje publikum det kan bli. Vi trur kanskje at under Vilde og Anna-konserten vil det vere +- 1.000 barn ifølgje med vaksne, men det er vanskeleg å spå, seier Naustdal. Som far til nettopp Anna er han spent på korleis det vil vere at dottera syng på festivalen heime.

– Det kjem til å gå fint. Dei og Indigo Child øver for fullt i Gymmen, og det blir ei fin musikalsk stund frå scena. Men som far er eg sjølvsagt ekstra spent. Det blir spesielt å oppleve henne på full Malakoff, seier han.

Tidenes beste

Festivalsjefen trur at dette blir tidenes beste Malakoff.

– Det er vanskeleg å seie fordi eg har booka artistane sjølv. Men eg trur at Dubioza Kolektiv vert den store publikumsvinnaren torsdagen. Dette er ei skikkeleg partyband, og vi har aldri høyrt noko liknande. Det er sikkert berre to på heile festivalen som har sett dei før, seier Naustdal.

Fredagen trur han Biffy Clyro og Wardruna vil slå an.

– Dei er vidt forskjellige. Wardruna er det mest sarte og publikum må høyre etter godt. Laurdagen trur eg det blir ei stor oppleving med Alan Walker og pyroshow på hovudscena, og sjølvsagt Karpe Diem, seier han.

Gleder seg

Naustdal meiner årets program er det mest jamne ein har hatt.

– Det inneheld alt det Malakoff-programmet skal ha, fortel han. Sjølv gleder han seg til å oppleve Frank Carter, Daniel Norgren og ikkje minst Vilde og Anna.

– Og så er det utruleg kjekt med reunium med The School, som spelte på Malakoff i 2009 og 2007, seier han.

Familien med

Festivalsjefen har sjølv med seg heile familien på dugnadsjobbing. Kona Hege er som vanleg backstage-ansvarleg.

– Heile familien er i sving. Runar er bandkontakt, Peder spelar på jyplingscena i tillegg til å vere crew-kontakt, og Anna syng og er delaktig backstage. Det er veldig kjekt å ha dei alle med. No har vi også oppgradert campingvogna, så i staden for å ligge inne på festivalområdet, har vi ordna oss husvære der vi kan sove litt, smiler han.

Manglar frivillige

Festivalen manglar framleis litt frivillige.

– Siste veka har vi vore synlege i sentrum på jakt etter frivillige, og det vil vi vere no i helga også. Det er mest seinvaktene på fredagen og laurdagen vi ikkje har fylt opp. Om ein er interessert i å vere frivillig er det berre å ta kontakt. Vi finn alltid ein plass, seier Naustdal. Han innrømmer at det er mykje som skal på plass før festivalen kan opne portane.

– Eg gleder meg veldig til festivalen. Den skal bli utruleg bra, så skal vi gjere vårt yttereste for at den skal gå så smertefritt som mogleg, smiler festivalsjefen.

Gleder seg: Mykje skal på plass før festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal kan opne portane til årets Malakoff rockfestval Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes