Den tiltalte braut seg inn i Eid kyrkje, tømde eit brannsløkkingsapparat, øydela fleire orgelpiper og sølte oljeliknande veske fleire stadar i orgelrommet. Dette skjedde natt til torsdag 24. november 2016. (Foto: Arkiv)

Den tiltalte braut seg inn i Eid kyrkje, tømde eit brannsløkkingsapparat, øydela fleire orgelpiper og sølte oljeliknande veske fleire stadar i orgelrommet. Dette skjedde natt til torsdag 24. november 2016. Foto: Arkiv

Tiltalt for skadeverk i Eid kyrkje

Kan få erstatningskrav på ein million

Mannen som i november 2016 braut seg inn og gjorde skadeverk i Eid kyrkje står no tiltalt for ei rekkje lovbrot.

Det er Søre Sunnmøre tingrett som har sett mannen under tiltale. Mellom anna for innbrot og skadeverk i Eid kyrkje, der tiltalen er eit erstatningskrav på til saman 1.152.000 kroner.

Mannen i 20-åra er også tiltalt med påstand om erstatning på 98.500 kroner for å ha rasert to leiligheiter i Volda i mars i år.

 

I Sunnmøre tingrett er han sett under tiltale for desse gjerningane:

Juni 2016

Tjuveri frå butikk i Volda.

 

August 2016:

Ulovleg oppbevaring av narkotika. Tjuveri av medisiner frå sjukehus.

 

Oktober 2016:

Ulovleg oppbevaring av narkotika.

 

November 2016:

Innbrot i bustad i Volda. Forstyrra ro og orden på utestad i Volda. Vald mot vektar på utestad i Volda. Innbrot og skadeverk i Eid kyrkje.

 

Mars 2017:

Rasering av to leilegheiter i Volda. Forsøkte å hindre politiet i arbeidet ved å sparke og skalle til politibetjent. Kom med drapstrugslar ovanfor politiet. Spytta og tilgrisa politibil. Tjuveri frå butikk i Volda.

 

Saka skal opp i tingretten i september.