Det er Søre Sunnmøre tingrett som har sett mannen under tiltale. Mellom anna for innbrot og skadeverk i Eid kyrkje, der tiltalen er eit erstatningskrav på til saman 1.152.000 kroner.

Mannen i 20-åra er også tiltalt med påstand om erstatning på 98.500 kroner for å ha rasert to leiligheiter i Volda i mars i år.

I Sunnmøre tingrett er han sett under tiltale for desse gjerningane:

Juni 2016

Tjuveri frå butikk i Volda.

August 2016:

Ulovleg oppbevaring av narkotika. Tjuveri av medisiner frå sjukehus.

Oktober 2016:

Ulovleg oppbevaring av narkotika.

November 2016:

Innbrot i bustad i Volda. Forstyrra ro og orden på utestad i Volda. Vald mot vektar på utestad i Volda. Innbrot og skadeverk i Eid kyrkje.

Mars 2017:

Rasering av to leilegheiter i Volda. Forsøkte å hindre politiet i arbeidet ved å sparke og skalle til politibetjent. Kom med drapstrugslar ovanfor politiet. Spytta og tilgrisa politibil. Tjuveri frå butikk i Volda.

Saka skal opp i tingretten i september.