– Det er rein galskap med tilrettelegging til forhold som kan gi kompliserte redningsaksjonar i slikt omfang som dette, seier redningsmann Sander Buene i Norske Alpine Redningsgrupper til avisa Firda.

Han og fleire andre fjellrøynde redningsfolk som avisa har snakka med, er einige om at den geografiske plasseringa, ustabile vindforhold, mykje nedbør og dårleg sikt gjer ein såkalla via ferrata opp på den 860 meter høge fjelltoppen svært risikabel. Potensialet for ulykker stort, og eventuelle redningsaksjonar blir både kompliserte og tidkrevjande, om i det heile moglege.

Krevjande forhold

– I beste fall kan ein gå inn i eit område med helikopter. Det er ein veldig krevjande aksjon. Ein må gå nært og høgt oppe i bratte fjellsider. Det krev gode vêrtilhøve for helikopter. Det er det jo igjen dokumentert at det ikkje er i Hornelen-massivet, forklarar Buene.

Det er reiselivsselskapet Visit Fjordkysten som ønskjer å lage ein via ferrata opp på Hornelen etter mønster av liknande klatreruter fleire stader i Noreg, mellom anna i Loen i Stryn. Ideen har likevel møtt mykje motstand frå miljø- og friluftshald, og no åtvarar også dei som eventuelt må redde turistar ned frå fjellet, mot prosjektet.

I gang med stien

Bremanger kommune støttar derimot ideen og er allereie i gang med å utbetre stien frå parkeringsplassen på Hornskor. Kommunen har elles tatt på seg å sørgje for toalett og parkeringsplass, mens private aktørar må lage sjølve klatreruta.

Selskapet Ivest Consult arbeider no med ein reguleringsplan som venteleg kjem opp til behandling i kommunen til hausten.