– I enkelte kommunar er sommaromsetninga meir enn 30 prosent av årsomsetninga.

– I enkelte kommunar er sommaromsetninga meir enn 30 prosent av årsomsetninga.

Sommarhandelen viktig for Sogn og Fjordane

Ein stor del av årsomsetninga til butikkane i Sogn og Fjordane kjem frå sommarhandelen – særleg i område som pregast av turisme og hyttefolk.

Sommaren er viktig for norsk handel, men det er store skilnader mellom fylka. I Sogn og Fjordane fekk butikkane 18,7 prosent av omsetninga si i juli og august i 2016, viser tal frå Hovudorganisasjonen Virke. Det er meir enn landsgjennomsnittet for norske fylke.

– Likevel er det store lokale skilnader internt i fylket, fortel Bror William Stende, direktør for Faghandel i Virke.

– I enkelte kommunar er sommaromsetninga meir enn 30 prosent av årsomsetninga.

Godt døme

Aurland kommune er det fremste eksempelet i Sogn og Fjordane. Her kom heile 31,3 prosent av omsetninga i juli og august i fjor. Også Solund kommune skil seg ut med høgare sommaromsetning – i fjor kom heile 25,2 prosent av omsetninga i Solund frå sommarmånadane.

Små distriktsbutikkar treng sommaren

Virkes reisepuls viser at fleire planlegg å vere heime i sommarferien 2017, samanlikna med tidlegare år. Samtidig ser vi at talet som planlegg å feriere på hytta eller hos vener i Norge, held seg stabilt. Dette har stor betyding for omsetninga for daglegvarebutikkane på feriestader.

– I typiske hytte- og turistkommunar er sommaren enormt viktig for årsomsetninga, fordi det kjem tilreisande som vil handle inn både mat og andre varer, seier Ingvill Størksen, direktør for Virke Dagligvare.

Særleg for dei minste butikkane i utkant-Norge, er ei vellukka sommaromsetning langt på veg avgjerande for å skape lønsam drift.

– På små stader kan sommaromsetninga vere nødvendig for å halde liv i butikkane resten av året - og dermed halde liv i lokalsamfunnet, avsluttar Størksen.

Ingvill Størksen er direktør for Virke Dagligvare.
(Foto: Pressefoto)

Ingvill Størksen er direktør for Virke Dagligvare. Foto: Pressefoto

Bror William Stende er direktør for Faghandel i Virke.
(Foto: Pressefoto)

Bror William Stende er direktør for Faghandel i Virke. Foto: Pressefoto