På konserten blir det musikk for fiolin og klaver av m.a vår eigen store komponist, Johannes Haarklou. Haarklou si sonate for fiolin og klaver vert eit høgdepunkt, godt  komponert i klassisk, europeisk romantisk stil, men med tydelege innslag frå norsk folkemusikk i seg. Den har nesten ikkje vore framført, noko som gjer det ekstra spennande å ha den på programmet. Elles på konserten får ein høyre Beethoven si muntre og humoristiske fiolinsonate nr. 8, Bartók sine arrangement av rumenske folkedansar, og Geirr Tveitt sine arrangement av folketonar frå Hardanger for solo klaver. Dette blir fyrste gongen Miriam og Andreas spelar saman, men dei blir òg å høyre i samspel på Gloppen musikkfest i september.

Miriam Bergset

Miriam Bergset starta å spele fiolin i Kulturskulen på Nordfjordeid som niåring. Ho har ein Master of Performance frå Royal College of Music i London, og har sidan 2015 vore frilans fiolinist med base i Oslo. Ho har vore fast medlem av kammerorkesteret Ensemble Allegria sidan 2009. Miriam er jamnleg vikar i Nordnorsk Opera og Symfoniorkester (NOSO) og spelar i operaorkesteret til Opera Nordfjord. Ho har vore solist med m.a. Sogn og Fjordane Symfoniorkester, Universitetets Symfoniorkester i Bergen og Ung Symfoni.

Andreas Løken Taklo

Andreas Løken Taklo byrja òg som niåring å spele piano ved kulturskulen i Flora. Han avslutta sin mastergrad ved Barratt Due musikkinstitutt no i år, og har planar om å satse som utøvande musikar. Andreas har vunne prisar i konkurransar i Noreg, Russland, Italia og Tyskland, og dette har resultert i solokonsertar i Frankrike, Tyskland og Russland. 17. mai i fjor var Andreas solist i Grieg sin klaverkonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. I tillegg til satsing som soloartist, er Andreas òg ein aktiv kammermusikar. Det blir konsertar i Florø kyrkje, Haarklousalen i Førde, Singerheimen i Olden og Gamlebanken på Nordfjordeid.