– Ta deg tid, det er ingenting som hastar så mykje at det er verdt å køyre for fort og risikere både ditt eige og andre sitt liv i trafikken, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. 
            (Foto: Statens vegvesen)

– Ta deg tid, det er ingenting som hastar så mykje at det er verdt å køyre for fort og risikere både ditt eige og andre sitt liv i trafikken, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen

Sommartrafikken:

Få ulukker hittil i år

Så langt i juli har to personer mista livet i trafikken. Det er betydelig lågare enn i fjor og tidlegere år.

– Juli er ein verstingmånad når det gjeld dødsulukker i trafikken, og i fjor hadde vi ein forferdeleg start med elleve døde i løpet av dei ti første dagane. Eg kan ikkje huske at vi har hatt så få omkomne halvveis inn i sommaren som vi har i år, og eg håper den positive utviklinga held fram, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Også i juni var det færre drepne enn i fjor. Førebels tal for årets første sommarmånad viser 12 drepne mot 15 i fjor. Hittil i sommar har altså 14 personer mista livet i trafikken. På same tid i fjor var talet 26.

Sommartid er ulukkestid

Dei siste åra har ein om lag ein tredel av dødsulukkene i trafikken skjedd i sommarmånadene juni, juli og august.

– Kombinasjonen av auke fart og auka trafikk på deler av vegnettet gjev ein større risiko for alvorlege ulykker om sommaren, Mange køyrer lenger og kanskje også på vegar der dei ikkje er så godt kjent, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Motorsyklistar utsette

Nesten halvparten av ulukkene i mai og juni har vært MC-ulukker. Ni av 23 personer som mista livet desse månadane køyrde motorsykkel.

– Vi kan sjå det kvart år når MC-sesongen startar. Frå midten av april til midten av oktober utgjer motorsyklistar ein tredel av alle omkomne i trafikken, seier Ranes.

Åleineulukker

MC-ulykkene er ofte knytt til høg fart, noko som forklarer at over 40 prosent av dødsulukkene på MC er ulukker utan andre involverte køyretøy. At ein er lite synleg i trafikken er også ei utfordring, og ti prosent av dødsulukkene på MC er kollisjon med venstresvingande bil.

– Køyrer du MC, tilpass farten etter forholda og forsøk å vere bevisst på å vere synleg i trafikken. Køyrer du bil, hugs at det er mange motorsyklar i trafikken og ver ekstra merksam, seier Ranes.

Hald fartsgrensen

Uansett om du køyrer bil eller motorsykkel er oppmodinga frå Statens vegvesen klar.

– Ta deg tid, det er ingenting som hastar så mykje at det er verdt å køyre for fort og risikere både ditt eige og andre sitt liv i trafikken. Vi vil at alle skal kome seg trygt fram i sommar, seier Ranes.


Fakta om sommarulukkene. Tal per 10. juli 2017.

Tal på drepne i sommarmånadene

Månad20102011201220132014201520162017
Juni312111161891512*
Juli1616131718 15 222* 
August27191525181413  
Totalt sommar8456395854385014* 
Totalt heile året20816814518714711713551* 

*førebels tal


Tal omkome første 10 dagar i juli

ÅrTal omkomne
2010 7
2011 
2012 
2013 
2014 
2015
201611
20172*

 *førebels tal


Tal drepne MC-trafikantar i sommarmånadane

Månad20102011201220132014201520162017
Juni54304565* 
Juli102346430* 
August6256333  
Totalt sommar2181110131212 5*
Totalt heile året26131721202021 9

*førebels tal