I brev til Eid kommune stadfestar han at dei nye eigarane av Nordfjord Turisthotell (holdingselskapet som eig Nordfjord Hotel, Bryggen og Expedisjonen) er villige til å bidra med følgjande for å få realisert gangbru over Fargarelva: 30 prosent av kostnadane innanfor ei ramme på ein million kroner. Kostnadar utover ein million kroner er dei ikkje med på å dekke. Dei stadfestar også at Esso ikkje er interessert i å vere med på eit spleiselag.

– Vi håper på rask handsaming og at kommunen ser verdien av å få realisert brua raskt for å knytte til seg området nord for elva, og avlaste parkering/trafikkbildet i Sjøgata og eit auka servicetilbod til publikum, skriv Scott Karlsen.