No er Anna blitt 13 år, og Vilde blir 14 i august. Jentene nærmast boblar over av livslyst, glede og energi, og er heilt vanlege 13 åringar.

– Vilde vil ikkje at vi skal vere like gamle, seier Anna og ler.

– Eg er 13 og eit halvt, poengterer Vilde.

Malakoff blir råtøft

Anna har vakse opp med Malakoff Rockfestival, og har følgt det heile livet. I år skal gjere noko ho ikkje hadde trudd, nemleg stå på scena sjølv, saman med bestevenninna. Dei skal framføre to MGP juniorlåtar, og fire eine låtar, og sjølvsagt «Vestlandet». No øver dei saman med Indigo Child som skal stå på scena saman med dei og spele på nokre av låtane.

– Eg synest scena blir større og større for kvart år. Men eg gler meg og det blir kult å synge for heimepublikummet. Når vi pratar om det kjenner eg at eg begynner å glede meg skikkeleg, seier Anna.

– Det blir kjempekult å få lov til å stå på den store scena. Det blir sikkert mange kjentfolk der som vi ser frå scena og det blir kjempekjekt, seier Vilde.

Allsang på grensa

Utover å spele på Malakoff skal dei til Allsang på grensa den 12. juli. Der treff dei på både Admiral P, Freddy Kalas og Alexandra Joner.

– Eg har sett på programmet kvart år, og tenkt at eg har så lyst til å vere der sjølv. Eg har vore på festninga tidlegare, men då var det ikkje konsert der, fortel Vilde.

– Det ser så morosamt ut når det er så mange som syng, og veldig kjekt for oss å få lov til å vere med, seier Anna.

Frå Sarpsborg til Mo i Rana

I sommar skal dei også spele på Sarpsborgfestivalen, Skyhøyt i Molde, Verketfestivalen i Mo i Rana, samt fleire konsertar her i Sogn og Fjordane. I tillegg har dei fleire andre spennande oppdrag som ikkje er offentleggjort enno. Innimellom skal dei ha litt ferie.

– Eg skal vere litt på hytta i Stryn, og så blir det vel ein biltur austoverein plass, seier Vilde.

– Eg skal til Syden, Kreta, ikkje sant mamma, spør Anna.

Over 3 millionar avspelingar

MGP låten «Vestlandet» har over 1,1 millionar avspelingar på YouTube, og over 2,2 millionar på Spotify.

– Det er litt rart at så mange har høyrt songen. Det er veldig kult, og noko vi set veldig stor pris på.

Fredag 7. juli kan du sjå dei i Sagaparken når dei innviar eit nytt Selfie-punkt. Her kan du og barna dine, ta selfie med Anna og Vilde i Sagaparken klokka 16.00.