Årets Trollenykjen opp har heilt perfekte forhold i år. Men like før start kom det litt lett regn. Her kan du sjå eidarar og andre konkurransedeltakarar frå andre delar av Norge.

Klikk på pila til høgre for å sjå alle bilda frå like før starten, og eit ingervju med Norges kanskje beste kvinnelege motbakkeløpar Karoline Holsen Kyte frå Førde.

Kvifor gjer du dette?

– Eg synest det er kjempemorsomt å springe i fjellet. Eg har veldig glede av det og synest det er gøy å konkurrere. Eg gjer det eg har lyst til og synest det er kjekt med motbakkeløp. Eg studerar ved sidan av, og har dette som ein hobby, men eg har lyst til å satse og sjå kor langt eg kan komme, fortel Holsen Kyte.

Klar for EM

Ho skal til EM i motbakkeløp kommande helg i Kemnic i Slovenia.

– Det er ei løype på ca 8 kilometer og 1000 høgdemeter, litt lengre enn i dag. I dag tek et Trollenykjen opp som opplading og god trening til neste veke. Eg hadde ei roleg økt i gårhåpar at beina er gode. Dette blir siste gjennomkøyring før EM. Eg har lyst til å prøve å slå rekorden, har eg ein god dag så trur eg at eg skal ha moglegheita til det. Kroppen følast bra, men eg merkar det ikkje før eg er kommen i gang om eg har ein super dag, seier ho.