–Det er heilt naturleg for meg å gi pengane til dei. Eid Røde Kors Hjelpekorps står hjartet mitt nær, og eg har vore medlem der i 39 år, seier Fagerli. Han forslo Stad som namn på ny kommune, og er glad for namnevalet.

–Eid er det mange stadar, og det har vore vanskeleg å forklare at ein kjem frå ein stad mellom Bergen og Ålesund. Storm ved Stad har alle høyrt om, meiner han.

Godt val

Berge Bjørkedal, leiar for Eid Røde Kors, er svært glad for at lokallaget får 10.000 kroner i gåve.

–Det var eit godt val. Røde Kors står for alle inntektene sjølv for å vere mest muleg operative. Berre hjelpekorpset åleine har ei utgiftsside på 200.000 i året. Pengane vi no får er eit bra bidrag til meir materiell og opplæring av medlemmer, seier Bjørkedal.

Stor interesse

Interessen rundt nytt kommunenamn for den framtidige Eid-Selje kommune har vore stor.

–Det var eit stort publikumsengasjement rundt saka, der det kom inn 113 innspel til namn til den nye kommunen, seier Svein Barmen, rådgjevar i Selje kommune.

I samband med prosessen vart det lyst ut at den som kom med framlegg til det nye namnet skulle få 10.000 kroner som kunne givast til ein frivillig organisasjon. Dersom fleire kom med same framlegget, skulle det trekkjast mellom forslagsstillerane.

Are Fagerli på Nordfjordeid er no trekt ut, og gir pengepremien til hjelpekorpset som står han nær.

–Nemnda som har arbeidd med saka takkar alle for engasjementet og som har sendt inn bidrag. Når det gjeld kommunevåpen vil vi kome attende til det ut over hausten. Frist for å levere framlegg til dette er 1. desember, opplyser Barmen.