Elevar ved Eid vidaregåande skule presterer bra

Han er stolt over mange av karakterane elevane har oppnådd ved eksamen no før sommarferien.

– Vi har ein elev som har atten 6-arar og seks 5-arar, og går ut med eit snitt på 5,75. Det er utruleg høgt. Vi har også to andre elevar som har femten 6-arar og elleve 6-arar, seier ein stolt rektor. Bjørlo påpeikar at det i år er mange elevar som har eit snitt over 5.

Store prestasjonar

– Eg vert ivrig når det er snakk om slike karakterar, men vi skal ikkje gløyme at for fleire elevar er det ein stor prestasjon å få ståkarakter i eit fag. Vi har mange glade elevar som har prestert godt. I norsk hovudmål har vi ei klasse med tretti elevar der snittet er 4,01. Vi har også elevar på yrkesfag som gjer det utruleg bra. Ein elev på andre året har 5,53 i snitt, seier han.

Eineståande

105 elevar har vore oppe til munnleg eksamen, der gjennomsnittskarakteren er 4,24. Det gjeld elevar både på yrkesfag og studiespesialisering.

På yrkes tverrfagleg er snittet 4,22 i karakter.

Når det gjeld skriftleg på allmennfagleg påbygg var det på landsplan stryk for 40 prosent av elevane.

– Vi på Eid har derimot ikkje nokon stryk. Alle får vitnemål, og det er nesten eineståande, seier Bjørlo. Han legg til at når det gjeld skriftleg har dei berre fire stryk av alle 370 elevane på skulen.

Null fråvær

Han er også mektig stolt over ein elev som hadde null fråvær på tre år på studiespesialiserande.

– Dette er eit heilt utruleg resultat. Vi hadde også ei i fjor som gjorde det same, seier han. På avslutningsfesten før sommaren delte han ut tjue roser til elevar som ikkje har hatt fråvær siste året. I tillegg er det 30 elevar som har fråvær under ein dag i løpet av siste skuleår.

– Vi har med andre ord 50 av 370 elevar som har fråvær under ein dag. Då er det snakk om små fråvær i samband med tannlegetimar eller køyretimar, fortel Bjørlo. Han meiner at hadde desse søkt om jobb hadde dette vore eineståande.

– Det finst ikkje slikt i arbeidslivet. Det er sjølvsagt flaks at ein ikkje blir sjuk. Samtidig viser det stor ståpå-vilje, og desse elevane gjer det også godt på skulen. Alt heng i hop, seier rektoren.

Fråværsregelen

Då skuleåret begynte i august i fjor vart den såkalla tiprosent regelen innført. Dersom ein elev har minst ti prosent ugyldig fråvær i eit fag blir det ingen karakter i faget.

– For vår del ser vi ei endring. Regelen har verka positivt på skulen, med tanke på at fråværet har gått ned, fortel Bjørlo.

Rektoren på Eid er derimot ikkje udelt positiv til regelen.

– Vi ser at for dei som vi slit med å halde på skulen, har den nye regelen verka motsett. Der har vi ei stor utfordring. Vi har fleire som har slutta på skulen dette skuleåret, seier han.

– Eg er ikkje sikker på at det er rett medisin for desse som slit med å kome gjennom skulen. Fleire av dei ser ikkje vitsen med å gå på skule, fordi dei allereie har kome over tiprosentregelen. Det er veldig vanskeleg å få dei inn i skulen igjen, om dei allereie har slutta, seier rektor.

Ikkje lenger best i landet

– I år har vi langt fleire som har slutta enn kva vi har hatt før. For tre-fire år sidan var vi best i landet med færrast som droppa ut av skulen. Vi strekkjer oss langt for å halde på elevane. Men motivasjonen deira dett når dei veit at dei ikkje får karakter i faget, fortel han.

Skuleåret 15/16 var det fem elevar som droppa ut. For skuleåret 16/17 er det heile 14 elevar som har slutta.

– Det er ikkje nokon kjekke tal, når så mange på eit eller anna vis mislukkast. Tiprosentregelen har medverka til at dette talet har auka. Det er over ti år sidan vi hadde så mange som slutta, seier Bjørlo.

Bra og dårleg: Gode resultat for elevane, samtidig er det 14 elevar som har droppa ut av Eid vidaregåande skule dette året. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes