Det spesielle med bryllaupet denne laurdags kvelden, var at det var sjølvaste sersjanten i spelet, Rune Balsnes, som med eit høgt og tydeleg ja sa ja til å leve saman i gode og mindre gode dagar med sin kjære, Mai Elise Hammer. Vigsla skjedde framfor nær 700 publikummarar, vistnok det største publikumsbesøket i spelet si historie.

Rune Balsnes er ein av veteranane i Elskhug og Eksis, i og med at han har vore med frå starten i 2005.