– Det ser veldig bra ut. Det seier salsansvarleg Pia Vonheim Vedvik, som er godt fornøgd med tilstrøyminga av bussturistar i sommar.

Vedvik fortel at bussturistane som vitjar hotellet hovudsakleg kjem frå Israel og Tyskland, men at det også er ein del spanjolar. Mange av turistane kjem først med fly til Oslo, der dei blir bussa vidare for å sjå seg rundt i landet, ikkje minst for å oppleve dei norske fjordane på Vestlandet. Det mest vanlege er at bussgruppene som stoppar på Nordfjordeid ligg over ei natt, men av og til også to, og då gjerne med ein dagstur til Geiranger.

Kan ta tre bussar

– No er vi så heldige å ha to hotell med til saman 97 rom å tilby. Det inneber at vi kan ta imot inntil tre bussar samstundes, fortel Vedvik.

Hovudaktiviteten er på Nordfjord Hotell, medan Bryggen Hotell blir opna ved behov og er no i sommarsesongen ope frå mai til midt uti august.

Gruppene i turistbussane har som oftast smekkfullt program. Bussturistane kjem til hotellet om kvelden, et middag og reiser igjen etter frukost tidleg neste morgon. Nordfjordeid ligg fint plassert mellom Ålesund og Førde, og det er gjerne ein av dei stadane dei er på veg til, avhengig av kva retning dei kjem frå.

Har gjerne ein plan

Det er ikkje så mange individuelle turistar som overnattar på Nordfjord Hotell om sommaren, og dei som kjem, har gjerne ein plan, til dømes om å bruke spaanlegget. Hotellet er også populært for utdrikkingslag der gjestane kosar seg i Badehuset.

Det er den tidlegare kjøkkensjefen på Bryggen Hotell som no er kjøkkensjef for Scandic Nordfjord, som omfattar begge dei to tidlegare hotella. At hotella no er ein del av Scandic-kjeda inneber at også maten ber preg av dette. Sommarmenyen til Scandic inneheld mellom anna grilla laks, og dei dagane belegget er godt, køyrer dei sommarbuffé.

– Kva er det turistane kan ta seg til i Eid?

– Eg foreslår først og fremst fjellet. Trollenykjen er lett å forklare. Vi har mange faste gjestar som tek seg ein tur på Trollenykjen. For barnefamiliar er hestesenteret og deira aktivitetar etterspurt, og etter kvart får vi Sagastad, påpeikar Vedvik. Det meste kan ordnast om nokon til dømes spør etter sjøaktivetar. Som oftast kjennar ein nokon som kan stille opp. Vedvik ser gjerne at det blir tilbod som båt eller kanoutleige i tilknyting til Sagaparken.

Utanom turistsesongen utgjer handelsreisande ei viktig kundegruppe, men hotellet er også populært når det gjeld lunsj-til-lunsj-møte for bedrifter og andre. Heile Nordfjord og Sunnfjord er flinke til å bruke hotellet, og ikkje minst er det mange sunnmøringar som kjem på vitjing. Øvingshelger, ikkje minst kor, er ei viktig kundegruppe. Kora er spesielt begeistra for den inste møtesalen. Der er det høgt under taket og god akustikk.

Ein del catering

Operahuset blir av og til brukt til private arrangement, som bryllaup og andre feiringar. Hotellet har ein del catering og leverer mellom anna mat i samband med arrangement der. Om ønskeleg kan hotellet sørgje for både kokk og servitørar til arrangement også utanom eigne lokale.

På hotellet er Malakoff bar open kvar kveld, og Expeditionen med 18-årsgrense er open i helgane, laurdagane med levande musikk.