På slutten av kampen mot Vik, er Eid eit stolpeskot frå å ta alle tre poenga mot serietoar Vik IL, som så langt i årets serie berre har hatt eitt poengtap på heimebane før møtet med Eid.

–Dommarane øydela

–I dag var dommarane ei direkte årsak til at vi ikkje tar med oss tre poeng, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås og grunngjev dette med følgjande.

–Ein ball har vi inne i målet til Vik. Ballen treff hjulet som står på tvers inne i målet, og dommaren bestemmer av ein eller annan merkeleg grunn at det ikkje er mål. Vi har ein ball til bak Vik sin keeper. Vår spelar blir blåst av for offside, endå han er tre fire meter onside. I tillegg til alt dette får Vik tildelt straffespark, som dommaren ikkje kan forklare kvifor han tildeler heimelaget, seier Dan Jøran som legg til at det er sjeldan at eg klagar på dommarane etter ein kamp.

Strålande bortekamp

–Vik har vore solide denne sesongen, var dette ein kamp du frykta?

–Vi fryktar ikkje nokon. Vi reiser for å ta tre poeng. Det gjorde vi også i dag. Eg er veldig fornøgd med det spelarane presterer på bananen. Vi spelar ein stråalande bortekamp, og då er det ekstra bittert at det er dei i svart som er direkte årsak til at vi ikkje får med oss alle tre poenga, seier ein småforbanna Eid-trenar som ser fram til returkampen mot Vik på heimebane.

–Det er ein kamp vi skal vinne med mange mål. Det ser eg verkeleg fram til, seier dan Jøran Hafsås til Fjordabladet.

Kampfakta Vik IL – Eid 1-1 (0-1)

Vik Kunstgras

Dommar: Jonny Skjerven  (Kaupanger IL)

Assistentdommarar: Jarle Andersen  (Syril IL) og  Andreas Ytredal Akse  (Hyllestad IL)

Mål:

20. min 0-1 Kristian Lefdal

74. min 1-1 Jackson Bayubahe, (straffe)

Eid: Sander Torheim Frislid, Henning Haugen Adrian Hagen Henden, Håvard Holmøyvik, Espen Nødset Rosø, Runar Elias Lillestøl Naustdal, Simen Lefdal, Vebjørn Høynes, Sebastian Andersen Grøttå, Marius Henriksen og Kristian Lefdal. Innbytarar: Daniel Myklebust, Steffen Ekern Glosvik, Daniel Haus, Sindre Hafsås og Artur Melikyan.

Resultat 10. serierunde:

Årdal – Bremanger 5-0

Tornado Måløy – Høyang 2-0

Vik – Eid 1-1

Sogndal2 – Stryn vert spelt måndag

Førde2 – Dale

Tabell Kretsligaen - 4. divisjon Sogn og Fjordane

LagKVUTMålPoeng
Stryn972033 - 1423
Vik1072121 - 923
Årdal1052326 – 1817
Eid1044223 - 1916
Sogndal 2950436 - 815
Bremanger1042421 - 2114
Florø 2941420 - 2513
TMFK1041517 - 2513
Dale932417 - 1511
Skavøypoll1022611 - 338
Førde 2921620 - 337
Høyang111198 - 334
Kristian Lefdal sette inn Eid sitt mål i kampen mot Vik. Biletet er frå heimakampen mot Skavøypoll førre helg. Foto: Tormod Flatebø