Markus gjekk på «Grønt kort kurs» for tre år sidan og fann den sportsgreina som passa han perfekt. No bruker han mykje av fritida om sommaren på den flotte golfbana til Nordfjord golfklubb, Stokkenes Golfpark på Nordfjordeid. Om vinteren er det Harpefossen, med Skipatruljen og skiaktivitetar som gjeld.

Det perfekte slaget

Når snøen forsvinn og det vårast, er det på tide å leite fram golfutstyret.

– Noko av det som triggar og gjer spelet spennande, er å heile tida jobbe for å bli betre. Det er gjerne små detaljar å fikse på for å få til det perfekte slaget, forklarer Markus.

Spelar du effektivt, går du runden på 9 hol i løpet av ein og ein halv time.

– Kva eigenskapar er viktige for å bli ein god golfspelar?

– Det er ein fordel å ha sans for detaljar.

– Du har så lyst til å treffe holet. Og får du det til bra på eit hol, blir du gira til å gjere det bra på neste hol. Det er motiverande å få bra resultat og å heile tida forbetre seg.

Utfordrande

Markus spelar stort sett golf kvar dag om sommaren når vêret er bra, og i tillegg er det turneringar. Det er kjekt og utfordrande å prøve seg på andre golfbaner.

Triveleg miljø

– Det er eit triveleg miljø her på Stokkenes, men snittalderen her er høg. Fleire unge burde prøve seg. Eg er den einaste aktive junioren her i golfklubben, og det er kjekt å kome ut og sjå at golf er stort for ungdom andre stader, seier Markus.

Du kan spele golf åleine, eller saman med andre. Faren til Markus er også hekta på golf, og dei to spelar ofte saman. Men før ein konkurranse kan det ofte vere lurt å gå åleine og fokusere.

I år har Markus så langt prøvd seg i Selje og Volda i turneringa Nordvest Tour, som også Maurstad Open på Stokkenes Golfpark er ein del av.

– Best i Nordfjord

Det er ikkje berre medlemmene i Nordfjord golfklubb som trenar på Stokkenes. Ofte kjem det innom folk frå andre golfklubbar for å prøve seg på denne bana, som ifølgje Markus utan tvil er den aller beste i Nordfjord.

– Vi har i alle fall best green, det er det kortklipte området rundt holet, forklarer han. Dette området blir klipt annankvar dag. Og også «fairway» og «range» på Stokkenes Golfpark ser ut til å bli stelt veldig bra.

Open dag

Ut på sommaren vil Nordfjord golfklubb arrangere open dag der medlemmene i klubben stiller som instruktørar. Då er alle som vil velkomne til å ta turen for å prøve seg. Klubben stiller med utstyr. Markus forklarer at du må ha puttar og jernkølle til bruk på «greenen» og «fairwayen», og driver dersom du skal skyte veldig langt.

Klubbturneringa «Sommarslaget» går gjennom heile sommaren. Kvar måndag har Nordfjord golfklubb ei turnering der medlemmene og andre som vil vere med samlast for å konkurrere. Ein gong i året kjem det profesjonell instruktør utanfrå som du kan bestille time hos for å få råd og rettleiing om korleis du kan forbetre deg.

Markus har sjølv lært seg mykje ved å så på golfvideoar på YouTube. Der finst det mange instruksjonsvideoar som kan vere nyttige. Men skal du bli god, må du trene og heile tida prikke på detaljar som kan forbetre prestasjonen.

SOMMARSPORT: – Golf og sommar høyrer saman, meiner Markus. Det er fint å ta turen til Stokkenes golfpark. Foto: Anna Wuttudal
KREVJANDE: Eit perfekt slag krev at alt klaffar. Foto: Anna Wuttudal
TRIVELEG: – Det er eit triveleg miljø her i Nordfjord golfklubb, men vi skulle gjerne hatt med fleire unge, seier 16-åringen Markus Smørdal Hjelmeland. Foto: Anna Wuttudal