Junior-VM i pistol og rifle starta i dag laurdag 24.juni med 60 skot liggande, individuelt og lag. I lagkonkurransen vart det gull til dei norske damene, etter svært god skyting av alle skyttarane på laget.

Laggull

Det norske laget i junior dame fekk 1859,7 poeng. Trioen Regine Nesheim, Jenny Stene og Jeanette Hegg Duestad, knuste dermed juniorverdsrekorden med 4,2 poeng. USA vart nummer to i lagkonkurransen med 1852,3 poeng, medan Kina, ein av dei store nasjonane i internasjonal skyting, vart nummer tre med 1848,0 poeng.

Individuelt

I den individuelle konkurransen, som er teljande i lagkonkurransen, vart det 12. plass på Regine Nesheim. Katerina Kolarikova, frå Tsjekkia vann med 624.9 poeng. Russiske Anastasiia Galashina tok andreplassen med 621.6 poeng. Bronsemedaljen gjekk til norske Jeanette Hegg Duestad som skaut 620,6 poeng. Jenny Stene vart nummer fem med 620.3 poeng, og Regine Nesheim nummer 12. med 618.8 poeng på dei seksti skota. Slik såg seriane til Regine ut: 102.3 104.0 103.8 102.9 103.6 102.2. I den individuelle konkurransen vart det 66 deltakarar.

Vidare program

Det vidare programmet for Regine og dei andre damene på det norske landslaget er rifle 50 meter halvmatch i morgon, søndag 25.juni. Måndag skyt junior-damene 10 meter luftrifle.

I dag laurdag 24. juni vart det laggull til det norske damelandslaget i Junior-VM i skyting, der Regine Nesheim var med på laget. Foto: Arkivfoto