Det fire kilometer lange motbakkeløpet vert i år arrangert for sjuande gang.

– Målet vårt er å fremje folkehelsa, og få folk til å springe på fjellet, seier Vedvik. Han lovar fantastisk utsikt frå toppen.    Aldersmessig er det stor spreiing av deltakarar i konkurranseklassa, med fleire spreke menn over 75 år og gutar ned i 12-årsalderen. – Vi har mykje menn og lite damer, og dette håper vi ei endring på i år. I fjor var det berre seks damer av seksti deltakarar i konkurranseklassa. Det er altfor lite, seier han. Ein kan også delta i mosjonistklassa.